Viss du ikkje finn køyretøyet ditt i køyretøyregisteret, kan vi leita etter det i dei manuelle registera våre.

Har køyretøyet ditt eit rammenummer/ understellnummer/ chassisnummer eller motornummer kan vi leita etter det i dei manuelle understelsregistrene våra og hjelpa deg å få køyretøyet registrert i køyretøyregisteret.

Slik går du fram

Send oss ein e-post til  med desse opplysningane:

  • Årsmodell (ca. år om du ikkje har nøyaktig årstal)
  • Rammenummer/ understellnummer/ chassisnummer/ motornummer
  • Navn og telefonnummer til deg eller han du hjelpar

På ein del mopedar søkar vi på motornummer – ikkje rammenummer, så oppgjev gjerne begge. Vi har òg eit register for motornummer på mopedar fram til 1973. Oppgjev gjerne dette i tillegg til rammenummer.

Vi tar gjerne kopiar av kort eller utskrift frå mikrofilm og sender deg om du ønsker det.

Register for køyretøy frå 1920 til 1973

I dette registeret ligg registrerte/avregistrerte køyretøy frå 1920 og fram til ca. mai 1973.

For å finna køyretøyet i kortregisteret treng vi merke og understellnummer.

Vi kan finna opplysningar om:

  • Første kjennemerke (dato for registreringa til første gong)
  • Type - og motornummer

Registeret omfattar ikkje:

  • Traktor
  • Tilhenger
  • Campingvogn

Register for køyretøy frå 1973 til 1994

I dette registeret ligg registrerte/avregistrerte køyretøy frå 1. januar 1973 og til 1994.

For å finna køyretøyet i registeret treng vi heile understellnummeret inkludert eventuelle punktum, komma, strek, mellomrom og stjerne.

Vi kan opplysa om:

  • Merke og registreringsår
  • Kjøretøygruppe
  • Kjennemerke
  • Siste registreringsdistrikt
  • Siste eigar med adresse

Våre register omfattar alle køyretøygrupper, men traktorar er vanskeleg å finna då dei ikkje vart registreringspliktige før i 1969. Før dette var det frivillig om ein ville registrera traktorar.

I tidsrommet ca. 1960–1962 vart registeret overflytta frå politiet til det dåverande Bilsakkyndige. I denne perioden vart registeret ikkje oppdatert. Opplysningane kan finnast likevel viss køyretøyet er registrert på nytt seinare.

Har du eit registreringsnummer?

Viss du har registreringsnummer (kjennemerke) på køyretøyet kan vi hjelpa deg å finna ut kva trafikkstasjon du kan kontakta. Trafikkstasjonar kan ha register over alle køyretøy som dei har registrert, og du kan få fleire opplysningar om køyretøyet ved direkte kontakt med trafikkstasjonen.