Dersom køyretøyet du ønskjer å registrere er så gammalt at det ikkje finst i Kjøretøyregisteret, må du ha dokumentasjon for å kunne registrere det.

Du kan søkje på registrerings- eller understellnummer for å sjekke om køyretøyet finst i Køyretøyregisteret.

Dersom du ønskjer å få registrert eit veterankøyretøy som ikkje finst i Køyretøyregisteret må du gjennom ein søknadsprosess.

Søknadsprosess for å registrere eit veterankøyretøy

Finne ut om køyretøyet er tidlegare registrert i Noreg

Statens vegvesen har eit manuelt register der vi kan sjekke om det finst dokumentasjon på at køyretøyet tidlegare har vore registrert i Noreg. Du sender oss dei opplysningane du har om til dømes registeringnummer, understellnummer eller kven som var siste registrerte eigar.

Dersom vi ikkje finn noko dokumentasjon i dei manuelle registera våre må du sjølv kunne dokumentere at køyretøyet har vore registrert i Noreg tidlegare.

Døme på slik dokumentasjon er:

Døma ovanfor er ikkje uttømmande. Det er ingen garanti for at køyretøyet kan registrerast, sjølv om du skaffar dokumentasjon. Du legg ved dokumentasjon på at køyretøyet har vore tidlegare registrert i Noreg når du sender oss dokumentasjon om eigarskap.

Køyretøy som aldri har vore registrert i Noreg

Dersom køyretøyet aldri har vore registrert i Noreg, må det vurderast om køyretøyet kan registrerast første gong. Dette gjeld både for norskproduserte og bruktimporterte køyretøy. Send oss dokumentasjonen du har på køyretøyet, så hjelper vi deg med korleis du kan gå fram.

Dokumentere at du eig køyretøyet

Du må dokumentere korleis du har skaffa køyretøyet. Den sist registrerte eigaren vil stå oppført på registreringskortet. Du dokumenterer eigarskap ved å vise til salsmelding eller kjøpekontrakt frå sist registrerte eigar til deg. Har køyretøyet hatt fleire eigarar må alle sal eller eigarskifte dokumenterast med salsmeldingar eller kjøpekontraktar.

Dersom den dokumentasjonen du sender inn er tilstrekkeleg til å kunne slå fast at du er eigaren, vil du få eit vedtak som stadfestar eigarskapen. Saksnummeret på dette vedtaket skal du oppgi når du bestiller teknisk kontroll av køyretøyet.

Dersom du ikkje kan dokumentere at du eig køyretøyet kan du skrive ein søknad til oss med ei forklaring for korleis du har skaffa køyretøyet.

Få køyretøyet godkjent i teknisk kontroll

Når eigarforholdet er godkjent må køyretøyet inn til ein teknisk kontroll. Dette for å sikre at køyretøyet er det same som tidlegare har vore registrert i Noreg, og at det blir lagt inn korrekte tekniske data om køyretøyet. Kontrollen skal gjennomførast både når køyretøyet skal godkjennast og registrerast for bruk, og når det skal restaurerast.

Dersom køyretøyet skal restaurerast

Når du bestiller time til kontroll treng ikkje køyretøyet å vere ferdig restaurert, men det må minimum bestå av:

  • ramme og karosseri for bil, eventuelt berre det sjølvberande karosseriet
  • ramme og motor for motorsykkel

Ring for å bestille kontrolltime

Du skal oppgi saksnummeret på godkjend eigarskap når du bestiller time.

Registrere køyretøyet i Køyretøyregisteret

Når køyretøyet har vorte godkjent i teknisk kontroll kan det registrerast på deg i Køyretøyregisteret.

Registreringsnummeret vil som hovudregel bli same bokstav- og talkombinasjon som køyretøyet har hatt tidlegare dersom dette framleis er ledig. Alternativt kan du velje eit ledig registreringsnummer etter dåtidas registreringsordning.

For køyretøy som var registrert etter 1. april 1971 vil det bli tildelt eit registreringsnummer etter dagens registreringsordning. Ønskjer du tidsriktige skilt, må du bestille desse sjølv frå ein produsent av slike skilt.

Du må kontakte forsikringsselskapet ditt før du kan registrere og bruke køyretøyet. Forsikringsgarantien må vere på plass før registreringa kan gjennomførast på ein trafikkstasjon.

Du må bestille time på ein trafikkstasjon for å gjennomføre registreringa. Hugs å ta med gyldig legitimasjon.

Sjå også