Skal du selje eller kjøpa eit køyretøy må du sende inn ei salsmelding, slik at køyretøyet blir registrert på ny eigar.

Send inn salsmelding Logg inn

Du kan raskt og enkelt levere salsmelding på nett. Vi anbefaler at selgar og kjøpar å gjere det saman. 

Før du sender inn 

Før du loggar inn treng du kjøparen og eventuell medegar sitt

  • namn
  • fødselsnummer/D-nummer og
  • mobilnummer

Skal du selje til bedrift, treng du organisasjonsnummeret til bedrifta.

Vi anbefaler at de skriv ein kjøpekontrakt (Forbrukarrådet). Har du personleg skilt, må du hugse å fjerne knytinga til det personlege bilskiltet før du sel køyretøyet ditt. Før de går i gang med salsmeldinga, sjekk fleire av våre tips ved kjøp og sal av bil.

Slik gjer du det

  1. Start med å sjekke kvarandre sin legitimasjon.
  2. Logg inn på Di side og send salsmelding til kjøparen.
  3. Kjøparen mottar ein SMS, og godkjenner salsmeldinga på nett.
  4. Når kjøparen har godkjent mottar du ein SMS om at eigarskiftet er fullført og at salsmeldinga er registrert i systema våre.

Eig du bilen saman med nokon, må medeigaren også godkjenne salsmeldinga. Dersom kjøparen og eventuell medeigar ikkje godkjenner salsmeldinga, vil du framleis stå ansvarleg for køyretøyet. 

Før du gir frå deg køyretøyet må du hugse å fjerne AutoPass-brikka, og køyretøyet frå AutoPass-avtalen. Forsikringa di vil bli avslutta automatisk dagen før vedtaksdatoen. Vedtaksdatoen er dagen salsmeldinga blir godkjent av alle partar (kjøpar og eventuelle medeigarar). Du er ansvarleg for at køyretøyet er forsikra til og med dagen før vedtaksdatoen.

Vognkort

Du treng ikkje sende inn vognkort del 2 når du leverer salsmelding på nett. Del 1 følger køyretøyet, mens del 2 beheld du og makulerer når eigarskiftet er fullført. Har du mista vognkortet treng du ikkje melde det tapt når du leverer salsmelding på nett.

Ny eigar vil få nytt vognkort i posten.

Omregistreringsavgift

Det er kjøparen som er ansvarleg for å betale omregistreringsavgifta.

Kjøp og sal når du er under 18 år

Er du under 18 år og skal kjøpe eit køyretøy må

  1. føresette eller verje logge seg inn på Di side og sende salsmelding til seljaren på dine vegner.
  2. føresette eller verje lasta opp dokumentasjon som viser at du har løyve til å kjøpe køyretøyet.

Er du under 18 år og skal selje eit køyretøy kan du sjølv selje køyretøyet på Di side.

Du kan òg kjøpe eller selje eit køyretøy ved å sende ei salsmelding på papir. Dersom du skal kjøpe eit køyretøy, må du òg sende inn samtykke frå føresette. 

Salsmelding på papir

Dersom de ikkje kan eller ikkje ønsker å sende salsmelding på nett, kan de sende inn salsmelding på papir.

Kven kan bruke tenesta?

For å logge inn må du ha norsk fødselsnummer eller D-nummer. Tenesta kan brukast av både privatpersonar og bedrifter. For å kunne bruke tenesta på vegner av ei bedrift må du ha rettar i Altinn