Godkjenn salsmelding
Når seljaren har levert salsmeldinga, må du som kjøpar godkjenne den for at du skal bli oppført som ny eigar.
Du kan enkelt godkjenne salsmelding på nett. Vi anbefaler deg å gjere det saman med seljaren.
Før du godkjenner
Hugs at seljaren treng ditt namn, fødselsnummer og mobilnummer for å sende inn salsmeldinga. Skal du eige bilen saman med nokon, må medeigaren også registrerast i salsmeldinga. Seljaren treng da også medeigaren sitt namn, fødselsnummer og mobilnummer.
Hugs å forsikre køyretøyet frå vedtaksdatoen. Vedtaksdatoen er den dagen salsmeldinga blir godkjent av alle partar (kjøpar og eventuelle medeigarar). Har du ikkje forsikring innan tre dagar frå og med vedtaksdatoen, vil du få gebyr for kvar dag køyretøyet er uforsikra.
Slik gjer du det
- Sjekk seljaren sin legitimasjon for å kontrollere at det er seljaren som står som registrert eigar i vognkortet.
- Du får SMS når seljaren har sendt salsmelding til deg.
- Godkjenn salsmeldinga på nett.
- Salsmeldinga er no registrert i våre system. Du vil få ei stadfesting på eigarskiftet til den digitale postkassa di.
Hugs at eventuell medeigar også må godkjenne salsmeldinga for at eigarskiftet skal bli fullført. Godkjenner du ikkje salsmeldinga vil seljaren framleis stå som registrert eigar av køyretøyet.
Du må ikkje ha fått SMS for å godkjenne salsmeldinga
Dersom du ikkje mottek meldinga kan du likevel logge inn på Din side og godkjenne salsmeldinga.
Vognkort
Vognkort del 1 skal bli liggande i køyretøyet, og det skal makulerast når du mottar nytt vognkort etter omregistrering. Vognkort del 2 skal behaldast av seljaren, og det skal makulerast når eigarskiftet er fullført.
Omregistrering
Sjølv om salsmeldinga er godkjent, og eigarskiftet fullført, kan du ikkje bruke køyretøyet før det er omregistrert. Sjekk kva du som kjøpar må ordne for å få køyretøyet omregistrert.
Salsmelding på vegner av ei verksemd
For å godkjenne salsmelding på vegner av ei verksemd må du i Altinn ha enkelttenesta «Eigarskifte og salsmelding».
For å betale avgifter knytte til registrering av køyretøy må du ha enkelttenester i Altinn frå Skatteetaten.
Manglar du tenester i Altinn, må du ta kontakt med ein person som har ansvar for tilgangsstyring i verksemda. Dette er som regel dagleg leiar, styreleiar eller andre som er ein «Tilgangsstyrar». Les meir om tilgang på vegner av ei verksemd.