Legg til eller fjern medeigar
Du kan sjølv leggje til eller fjerne medeigar på køyretøyet ditt på Di side.
Eit køyretøy kan ikkje ha fleire enn to eigarar, ein eigar og ein medeigar.
Leggje til medeigar
Ein medeigar som blir lagd til, blir rekna som ein likeverdig eigar av køyretøyet. Det betyr at medeigaren mellom anna kan setje i gang sal av køyretøyet eller gjere endringar i registreringa av det. I slike tilfelle må både eigaren og medeigaren samtykke til salet eller endringane.
Når du legg til ein medeigar på Di side, vil den nye eigaren få melding frå Statens vegvesen om å godkjenne eigarskapen. Når ein ny medeigar har blitt lagd til, må de vanlegvis betale omregistreringsavgift etter at medeigaren har godkjent.
Les meir om omregistreringsavgift og kven som kan få fritak hos Skatteetaten.
Leggje til medeigar under 18 år
Ønskjer du å leggje til ein mindreårig medeigar, kan du gjere dette ved å følgje denne stegvise rettleiinga.
Slik gjer du det
- Logg in på Di side.
- I oversikta med ulike salsmeldingar, vel menypunktet «Eg skal kjøpe på vegner av ein som er under 18 år».
- Du gjennomfører salsmeldinga på vegner av den som skal vere mindreårig medeigar.
- Du legg deretter deg sjølv inn som ein medeigar på køyretøyet.
Leggje til medeigar under 18 år på ein trafikkstasjon
Du kan også leggje til ein mindreårig medeigar på ein trafikkstasjon. Då må du og den nye medeigaren møte på ein trafikkstasjon med føresette. Dersom berre éin føresett møter må hen ha med seg fullmakt og kopi av legitimasjon frå den andre føresette.
På trafikkstasjonen må de fylle ut skjemaet «Melding om køyretøy som skiftar eigar» og skjemaet «Stadfesting mindreårig eigar/medeigar».
Du må bestille time når du skal på ein trafikkstasjon.
Fjerne eller endre den andre eigaren
Fjerne den andre eigaren
Når du fjernar ein eigar, må den andre eigaren stadfeste at hen skal fjernast som eigar av køyretøyet. Dersom forsikringa er registrert på den andre eigaren, vil køyretøyet bli ståande utan forsikring når hen er fjerna. Pass derfor på å teikne ny forsikring i slike tilfelle.
Du treng ikkje betale omregistreringsavgift når du fjernar ein eigar.
Endre den andre eigaren
Dersom du ønskjer å overføre eigarskap av køyretøyet frå ein eigar til ein ny eigar, må du fylle ut ei salsmelding. I salsmeldinga fyller du ut kven som skal stå som eigarar av køyretøyet. Både du, tidlegare og ny eigar må stadfeste salsmeldinga for å fullføre eigarskiftet. De skal også bruke salsmelding dersom de ønskjer å byte om på kven som er oppført som eigar og medeigar.
Ver merksam på at når ein annan eigar blir lagd til må de vanlegvis betale omregistreringsavgift. Les meir om reglar for fritak frå omregistreringsavgift på Skatteetaten sine nettsider.