Skal du overføre eigarskap til eit køyretøy til eit familiemedlem, må du sende inn ei salsmelding.

Sjølv om du er i familie med den du skal overføre eigarskap av køyretøyet ditt til, må du sende inn ei salsmelding for at eigarskapen skal bli registrert på den nye eigaren. 

Dette gjeld om du skal overføre eigarskap til ektefelle, barn eller andre i familien.

Du må også sende inn salsmelding om du innetter i familien skal

  • endre medeigar til eigar
  • leggje til medeigar
  • endre køyretøyet sin registrerte eigar til medeigar

Er den som skal kjøpe eller overta eit køyretøy under 18 år?

Er kjøper under 18 år må foreldre eller verje logga seg inn på vegner av den mindreårige, og lasta opp dokumentasjon på at ho eller han kan kjøpa eit køyretøy. 

Fritak frå omregistreringsavgifta 

Ektefellar treng ikkje betale omregistreringsavgift. Dette gjeld også om de er separerte eller skilde. Er skilsmissa gjennomført, må de søkje om fritak hos Skatteetaten før de sender inn salsmelding. Deretter blir fritaket automatisk lagt inn når de sender inn salsmeldinga.

Sambuarar får ikkje fritak frå omregistreringsavgifta.

Arv mellom foreldre og barn i samband med dødsfall, er også fritatt frå omregistreringsavgift. Overføring til barn eller andre i familien er derimot ikkje fritatt (til dømes ved forskot på arv).

I dei fleste tilfelle blir fritak frå omregistreringsavgift lagt inn automatisk når de sender inn salsmelding. Dersom de meiner fritaket manglar eller er feil, skal de kontakte Skatteetaten.