Du kan sende inn ei salsmelding på vegner av en annen person eller ei bedrift, men du må dokumentere at du har rett til det.

Send inn salsmelding Logg inn

Du kan sende inn ei salsmelding på vegner av ein seljar dersom du til dømes skal overføre eigarskapet av ein bil eller bedrifta som eig bilen har gått konkurs. Du må kunne dokumentere at du har rett til å representere den andre parten.

Slik gjer du det

Når du loggar inn på Di side (med din eigen bankID eller tilsvarande), må du først velje kven du skal representere, og så finne køyretøyet som er til sals.

Du må også laste opp dokumentasjon som beviser at du kan representere seljaren. Kva slags dokumentasjon du må sende inn, er avhengig av kven du skal representere, men kan til dømes vere

  • stadfesting/fullmakt frå seljar
  • skifteattest
  • uskifteattest
  • dokumentasjon frå namsmyndigheit
  • auksjonsattest
  • bubestyrarattest
  • verjeattest og samtykke frå Statsforvaltaren

Når du har sendt inn salsmeldinga, vil ein saksbehandlar vurdere dokumentasjonen, og godkjenne eller avvise salsmeldinga. Dersom dokumentasjonen blir godkjend, sender vi salsmeldinga til eventuelle andre partar i eigarskiftet, til dømes ein medeigar, for godkjenning.

Vi sender deg ein SMS når eigarskiftet er godkjent eller avslege.