Før de går i gang med salsmeldinga, sjekk tipsa våre ved kjøp og sal av bil.

Tips til seljaren

Vi anbefaler at de skriv ein kjøpekontrakt (Forbrukarrådet) før de begynner på salsmeldinga. Har du personleg skilt, må du hugse å fjerne knytinga til det personlege bilskiltet før du sel køyretøyet ditt.

Du må alltid levere salsmelding når du skal selje eit køyretøy. De kan enkelt levere salsmeldinga digitalt, og vi anbefaler at du og kjøparen gjer det saman.

Det er du som seljar som fyller ut salsmeldinga og sender den til kjøparen. Hugs å sjekke kjøparen sin legitimasjon før du sender salsmeldinga. Kjøparen loggar seg så inn og godkjenner salsmeldinga. Du vil få ein SMS når salsmeldinga er godkjent, og eigarskiftet er fullført.

Hugs å fjerne AutoPass-brikka fra bilen og bilen frå AutoPass-avtalen, før du gir frå deg bilen. Forsikringa di vil bli avslutta automatisk dagen før vedtaksdatoen. Vedtaksdatoen er den dagen salsmeldinga blir godkjent av alle partar (kjøpar og eventuelle medeigarar). Du er ansvarleg for at køyretøyet er forsikra til og med dagen før vedtaksdatoen.

Tips til kjøparen

Før du bestemmer deg for å kjøpe eit køyretøy, anbefaler vi at du blant anna sjekkar:

Vi anbefaler at du og seljaren skriv ein kjøpekontrakt (Forbrukarrådet). Sjekk seljar sin legitimasjon for å kontrollere at det er seljaren som står som registrert eigar i vognkortet.

Seljaren er ansvarleg for å fylle ut og sende salsmeldinga (melding om eigarskifte). Du vil få ein SMS når du skal logge inn på Di side og godkjenne salsmeldinga. Når du har godkjent salsmeldinga er eigarskiftet fullført, og du vil få ei stadfesting til den digitale postkassa di.

Hugs å forsikre køyretøyet frå vedtaksdatoen. Vedtaksdatoen er den dagen salsmeldinga blir godkjent av alle partar (kjøpar og eventuelle medeigarar). Har du ikkje forsikring innan tre dagar frå og med vedtaksdatoen, vil du få gebyr for kvar dag køyretøyet er uforsikra. vil du få gebyr for kvar dag køyretøyet er uforsikra.

Du må omregistrere køyretøyet før du kan bruke det. Det er kjøparen som er ansvarleg for å betale omregistreringsavgifta, og den kan du enkelt betale på Di side.

Vegvesenet sine tips til eit trygt og enkelt bilkjøp. Video: Statens vegvesen.
Sist oppdatert: