Vurderer du å søkje ei stilling hos oss? Her finn du informasjon om rekrutteringsprosessen vår.

Kvalifikasjonsprinsippet

Vi følgjer kvalifikasjonsprinsippet, som betyr at den best kvalifiserte kandidaten får tilbodet. Vi vurderer utdanning, erfaring og personlege eigenskapar.

Søknad

Ledige stillingar blir publiserte på nettsidene våre, Jobbnorge, NAV og Finn.no. Vi annonserer også på sosiale medium, LinkedIn og andre digitale medium. For å søkje må du registrere ein profil i rekrutteringsverktøyet vårt.

Vi har gjort det enklare for deg! I staden for eit tradisjonelt søknadsbrev, ber vi deg svare på nokre relevante spørsmål. Hugs å fylle ut felta for "utdanning" og "arbeidserfaring", og last opp vitnemål og eventuelle attestar. Dette er nødvendig for at vi skal få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane dine. 

Viss utdanninga di er frå utlandet, ønskjer vi at du sender oss ei stadfesting frå NOKUT eller HKDIR som verifiserer studiet ditt.

Søkjarlista er offentleg

Etter søknadsfristen blir søkjarlista offentleg. Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på den offentlege søkjarlista, må du grunngi dette. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje kan komme ønsket ditt i møte. Som søkjar har du rett på innsyn i den utvida søkjarlista. Søkjarlister blir ikkje distribuerte med mindre vi får ein førespurnad om innsyn.

Intervju

Når søknadsfristen er utgått, vurderer vi søkjarane opp mot kvalifikasjonskrava for stillinga og gjennomfører intervju med dei mest aktuelle kandidatane. Intervju kan gå føre seg både digitalt og med fysisk oppmøte.

Mangfald

Vi verdset mangfald og ønskjer å skape ein inkluderande arbeidsplass. Vi oppmodar derfor alle kandidatar til å søkje på stillingar hos oss. Kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kan ha rett på moglegheit for positiv særbehandling.

Test og bakgrunnssjekk

For å sikre at vi finn den beste kandidaten til stillinga, kan vi bruke arbeidspsykologiske testar som ein del av rekrutteringsprosessen vår. Desse testane gir oss innsikt i eigenskapane og ferdigheitene dine, og hjelper oss med å gjere ei rettferdig og objektiv vurdering. Vi gjennomfører også bakgrunnssjekk for å verifisere informasjon som er viktig for rekrutteringsprosessen.

Referansar

Vi kontaktar alltid referansar på dei kandidatane vi ønskjer å innstille. Referansane blir avklarte med deg på førehand og blir innhenta gjennom bruk av elektronisk referansesjekk.

Innstilling og tilsetjing

Når intervju er fullførte, skriv rekrutterande leiar ei innstilling. Denne blir send til tilsetjingsrådet, der representantar frå arbeidsgivarsida og tillitsvalde gjer ei vurdering og vedtek med simpelt fleirtal. Dersom innstillinga blir godkjend, sender vi eit tilbodsbrev til kandidaten som vart innstilt på førsteplassen.

Tryggleik i tilsetjing

Før kandidatar får tilbod om stilling, vil vi gjere ei tilknytingsvurdering og eventuelt ein utvida bakgrunnssjekk av kandidatar med tilknyting til høgrisikoland, av ulik grad. Vi forheld oss til kvar tid til råd frå Nasjonalt tryggingsorgan som jamleg utarbeider innsikt og definerer desse.

Dersom stillinga du søkjer føreset krav om autorisasjon eller tryggleiksklarering vil ein slik prosess gjennomførast før oppstart blir avtalt - dette gjeld uavhengig av tryggingsnivå.

Velkommen som søkjar!