Vil du også ha summer veibes?
Er du student og nysgjerrig på korleis det er å jobbe med samfunnskritisk infrastruktur? Som sommarstudent hos oss får du høve til å bidra til framtidsretta løysingar og få verdifull erfaring og innsikt i korleis det er å jobbe i ein av Noregs største samferdselsaktørar.
Vi lovar mykje fag, både digitalt på tvers av kontorstader og på staden du jobbar, og vi legg opp til sosiale aktivitetar på dei største arbeidsplassane. Det blir lite festival og fyrverkeri – men du får ekte erfaring, god stemning og, om du spør fadder, is kvar fredag!
Sommarjobbane blir annonserte i november kvart år, og du finn dei på nettsidene våre eller på Finn.no. Søknadsfristen er 10. januar.