Besøksadresse:

Statens hus (det gamle post- og bankbygget)
Vei 227 - 2
9170 Longyearbyen

Postadresse:

Postboks 413
9171 Longyearbyen

Ta med bil til fastlandet

Dersom du er fastbuande på Svalbard og skal nytte eit køyetøy som er registrert på Svalbard, i Fastlands-Noreg, må du gi Skatteetaten melding om bruken og omregistrere bilen mellombels. Slik går du fram:

  1. Følg lenka for å melde frå om bruken til Skatteetaten. 
    Mellombels bruk av køyretøy registrert på Svalbard (skatteetaten.no)
  2. Ta med dokumentasjonen du får frå Skatteetaten, til Svalbard servicekontor for å omregistrere køyretøyet.

Dersom andre i husstanden din skal nytte køyretøyet i same perioden, må dei melde inn denne bruken på eiga hand.

Bestill, endre og avbestill time

Skal du ta teoriprøve, må du bestille time. Bestiller du time til andre besøk på trafikkstasjonen, slepp du å vente.

Bestill time

Endre og avbestille time

Du kan endre og avbestille ein time i timebestillingstenesta. Når du gjer det, må du oppgi eit referansenummer. Referansenummeret fekk du då du bestilte timen.

Endre eller avbestille time

Opningstider

Har du bestilt time, kan du se bort fra åpningstidene.

Mandag
kl.
Tirsdag
Stengd
Onsdag
Stengd
Torsdag
Stengd
Fredag
Stengd

Kva treng du?

Du må bestille time for å ta teoriprøve.

Tilrettelagd teoriprøve

Du kan søkje om ei tilrettelagd teoriprøve om du har lese- eller skrivevanskar eller av andre grunnar har problem med å svare på skriftlege spørsmål.

Svalbard servicekontor tilbyr ikkje oppkøyring. Skal du køyre opp, må du gjere det ved ein av trafikkstasjonane på fastlandet.

Statens vegvesen kallar inn køyretøy på Svalbard til årlege kontrollar i Sysselmeisterens garasje. Tid og stad for køyretøykontrollen står i innkallinga.

Hente skilt

Bestill time når du skal hente skilt, så slepp du å vente på servicekontoret.

Levere skilt

Du kan levere skilt på servicekontoret heile døgnet.

Sende skilt i posten

Du kan sende skilt i posten, til servicekontoret si postadresse. Dei blir då avregistrerte frå den datoen du postla dei.

Bestill prøveskilt

Du kan bestille prøveskilt på Di side.

Kontakte Svalbard servicekontor

Du kan ikkje ringe til servicekontoret, men du kan kontakte det på e-post.

Betaling på servicekontoret

På trafikkstasjonen kan du betale slik:

  • med norsk bankkort eller Mastercard (kontaktlaust eller med PIN-kode)
  • kontaktlaust med mobil eller smartklokke

Du kan ikkje betale med kontantar eller Vipps.

Legitimasjon

Du må ha med gyldig legitimasjon når du møter på servicekontoret.

© NVDB, Geovekst, kommunene og Open Street Map contributors (utenfor Norge)