Du loggar inn på Di side via ID-porten med BankID på mobil, BankID, Buypass eller Commfides for å få tilgang til sjølvbeteningsløysingane våre.

ID-porten er ei felles innloggingsløysing til offentlege tenester. Med elektronisk ID stadfester du på ein trygg og sikker måte kven du er når du bruker offentlege tenester på internett. Les meir om ID-porten (difi.no)

Du kan ikkje logge inn på Di side med MinID

På Di side er det informasjon og tenester som krev høgaste tryggingsnivå. Du kan derfor ikkje bruke MinID for å logge inn.

Har ikkje elektronisk ID

Om du ikkje har elektronisk ID kan du lese meir om korleis du bestiller dette hos Difi. 

Slik skaffar du deg ein elektronisk ID (difi.no)

Brukarstøtte

Problem med å bruke elektronisk ID

Dersom du har problem med din elektroniske ID må du ta kontakt med dei som er ansvarlege for den løysinga du har.

For BankID og BankID på mobil er dette banken din. For dei andre, sjå kontaktinformasjon hos Difi (difi.no)

Spørsmål om bruk av tenestene på Di side

Har du tekniske spørsmål om bruk av sjølvbeteningsløysingane kan du ta kontakt med oss.

Kontakt Statens vegvesen

Feil i opplysningane om køyretøya dine

Dersom du ser noko du meiner er feil i opplysningane om køyretøya dine ber vi deg ta kontakt med oss. Kontakt Statens vegvesen