I Din profil ser du informasjonen vi har registrert på fødselsnummeret ditt.

Namn og adresse

Namn og bustadadresse blir henta frå Folkeregisteret. Ønsker du å endre desse opplysningane må du kontakte Folkeregisteret ved Skatteetaten.

Kontaktopplysningar

Kontaktopplysningane (mobilnummer og e-postadresse) som blir viste på Di side kjem frå kontakt- og reservasjonsregisteret. Du kan sjå eller endre kontaktinformasjonen din hos Norge.no.

Har du endra kontaktopplysningar?

Endrar du kontaktopplysningar etter at du har søkt om førarkort eller sendt salsmelding, blir ikkje varsel og informasjon sendt til nytt mobilnummer eller ny e-postadresse. Vi bruker foreløpig dei kontaktopplysningane som blei lagde inn ved søknad om førarkort eller innsending av salsmelding.

Vi jobbar med å forbetre dette slik at Di side etter kvart nyttar oppdaterte opplysningar frå kontakt- og reservasjonsregisteret ved varsling og informasjon.