Ditt førarkort
Ditt førarkort gir deg tilgang til dei digitale førarkorttenestene våre.
I Ditt førarkort kan du mellom anna
- melde førarkort tapt eller attgløymt og bestille nytt førarkort
- skrive ut mellombels køyreløyve
- søke om førarkort
- bestille og avbestille time til oppkøyring
- gi fullmakt til trafikkskole for timebestilling
- sjå bevis for øvingskøyring (bevis for gjennomført trafikalt grunnkurs)
- sjekke om personar du skal låne bilen til har gyldig førarkort og rett førarkortklasse
Avgrensingar i tenestene
Med unntak av sjekk førarkort, kan tenestene kun brukast av privatpersonar, ikkje av bedrifter.
Har du oppdaga ein feil eller ønsker å sende inn ein klage?
Dersom du ser noko du meiner er feil i opplysningane om førarkortet ditt, eller ønsker å sende inn ein klage, ber vi deg kontakte oss.