I dag er det nesten 700 rasteplassar langs riks- og europavegane. Der kan du som reiser, strekkje litt på beina, ta ein dopause eller ete nista di.

Rasteplass ved E6 i Skibotn.
Rasteplass ved E6 i Skibotn. Foto: Jarle Wæhler

Rasteplassane er tilrettelagde slik at trafikantane kan få eit avbrekk frå bilturen. Derfor er plassane laga for dei som treng ein pause, og ikkje for dei som vil campe over lengre tid.

Statens vegvesen har ansvaret for dei rasteplassane som ligg langs riks- og europavegane i Noreg.

I tillegg er det mange rasteplassar langs fylkesvegane. Desse er det fylkeskommunane som har ansvaret for å drifte og halde ved like.

Reinhald

Reinhald av rasteplassane er ei av oppgåvene som inngår i driftskontraktane som Statens vegvesen har med utførande entreprenørar.

Sjølve rasteplassane (asfalten) blir reingjorde på våren for sand og grus. På sommarstid blir plassane reingjorde ved behov. Rydding av søppel og tømming av søppelkasser/søppelkontainarar er også ei oppgåve for driftsentreprenøren gjennom heile året.

Toaletta på rasteplassar langs riks- og europavegane blir reingjorde minst éi gong per døgn. I sommarsesongen når det er stor trafikk, blir toaletta gjerne reingjorde opptil to-tre gongar om dagen.

Vinterstengde rasteplassar

Alle rasteplassar langs riksvegnettet skal som utgangspunkt vere tilgjengelege heile året.

Nokre rasteplassar ligg slik til at dei ikkje har heilårsvatn. På desse plassane er toaletta stengde om vinteren av hygieniske omsyn. Vi har også nokre rasteplassar der toalettbygget ikkje har tilgang på straum og har solceller. Desse kan også vere stengde sidan det kan vere vanskeleg å frostsikre vatn og avløp på vinteren.

Oppgradering og nye rasteplassar

Statens vegvesen jobbar kontinuerleg med å halde rasteplassane ved like. I løpet av 2020 og 2021 har vi oppgradert fleire rasteplassar og blant anna etablert nye toalettanlegg ved fleire av dei eksisterande rasteplassane langs riksvegane. Desse tiltaka gjer det også mogleg å halde toalettanlegga opne og tilgjengelege for trafikantane gjennom heile året.

Då ny Nasjonal transportplan (2022–2033) vart presentert i desember 2020, inneheldt han ein strategi for arbeidet med hovudrasteplassar langs riksvegane.

Her legg ein opp til at det skal vere færre rasteplassar, men med høgare standard. Etter strategien skal det vere maksimalt éin time mellom kvar hovudrasteplass. Toalett, utemøblar og avfallshandtering blir minimumskrav, og nokre rasteplassar skal vere enda betre utstyrte.

Verdt å vite

På sida vår med trafikkinformasjon i kart finn du ei oversikt over alle rasteplassane i Noreg. I kartet finn du informasjon om kvar rasteplassane er, og kva fasilitetar dei inneheld, som toalett, dusj, drikkevatn, leikeapparat og matplass.

I tillegg til rasteplassar, finst det fleire døgnkvileplassar langs vegane. Desse plassane er eit tilbod øyremerkt for sjåførar på tungtransport som må følgje reglane om køyre- og kviletid.

Sist oppdatert: