Artikkelen er over eitt år gammal, og innhaldet kan vere utdatert.

Samferdselsdepartementet har gitt Statens vegvesen i oppdrag å utarbeide kommunedelplan med konsekvensutgreiing for ny E39 Bokn – Hope.

Varsel om oppstart av planarbeid for  E39 Bokn-Hope
Varsel om oppstart av planarbeid for E39 Bokn-Hope (Illustrasjon: Rambøll/Statens vegvesen)

Kommunedelplanen vil involvere dei tre kommunane Bokn, Tysvær og Sveio i Rogaland og Vestland fylke. Prosjektet er ein del av Ferjefri E39, og ny veg vil gi kortare reisetid, færre ulykker totalt, ingen møteulykker og reduserte reisekostnader.

Innspel innan 20. juni 2022

Statens vegvesen ber om synspunkt, innspel eller andre relevante opplysningar innan 20 juni 2022.  Dine innspel kan enkelt leggast digitalt inn i E39 Bokn-Hope sin digitale merknadsportal eller sendes per brev eller e-post. Sjå under.

57 km lang strekning

Strekninga som det skal utarbeidast kommunedelplan for, er om lag 57 km lang og går frå utløpet av Rogfast i Bokn, og vidare nordover gjennom Tysvær til Hope i Sveio, der den blir samankopla med eksisterande E39.

Kva skjer no?

Vi er no i den første fasen av arbeidet med å lage ein kommunedelplan, som vil seie at Statens vegvesen utarbeidar eit planprogram. Planprogrammet gjer greie for formålet med planarbeidet, planprosessen med rammer og premissar for det vidare arbeidet, og dessutan opplegg for medverking. Planprogrammet vil legge føringar for om heile eller delar av strekninga skal verte behandla som statleg plan.

Forslaget til planprogram skal ut på offentleg høyring hausten 2022 før det blir godkjent av Kommunal- og distriktsdepartementet. i denne runden er det kun et varsel om oppstart.

Vi ber om synspunkt, innspel eller andre relevante opplysningar innan 20 juni 2022.  

Merk brevet eller e-posten med «E39 Bokn -Hope». Hugs å ta med evt. gards- og bruksnummer.

Per digitalt skjema: Merknadsportalen til E39 Bokn-Hope

Per e-post: firmapost@vegvesen.no

Per post: Statens vegvesen, Postboks 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer

Har du spørsmål om planarbeidet kan du kontakte:

Henry Damman, planleggingsleiar på telefon 415 26 589

Du kan også nå oss på prosjektet si e-postadresse: e39boknhope@vegvesen.no

 

Aktuelt for fylke: Rogaland, Vestland