Planforslaget for detaljregulering av skredsikring for E39 Skredestranda i Stad kommune er no ute til høyring.

Området er rasfarleg. Dei siste åra har det vore fleire store skredhendingar som har ført til stenging av veg og skade på både terreng og vegbane. Målet med planarbeidet er å regulere areal som kan ervervast for å kunne bygge rasvollar og eventuelt magasin. Det skal også byggast ei bru og stikkrenner/kulvertar skal bytast ut om det er nødvendig i forhold til dimensjon. Det skal ikkje gjerast tiltak på E39, men i samband med bygging av brua og stikkrenner/kulvertar kan det bli gjort mindre tilpassingar på vegen.

Målet med tiltaket er ein skredsikker veg, som dermed gjev ein meir trafikksikker veg og ein veg med betre framkomme.

Innspel og merknader

Merknader og innspel til planforslaget skal sendast innan 25. september 2023 til

  • Statens vegvesen, Postboks 1010 Nordre Ål, 2605 LILLEHAMMER
  • eller på e-post til .

Last ned

Aktuelt for fylke: Vestland