Det har vore utført eit omfattande kartleggingsarbeid innafor fagområde naturmangfald i arbeidet med reguleringsplan for prosjektet E39 Ådland-Svegatjørn.

Då kommunedelplanen for E39 Ådland-Svegatjørn (Stord-Os) blei vedteken i 2019, blei det bestemt at ein i arbeidet med reguleringsplanen skal legge vekt på å ytterlegare avgrense inngrep i verdifull natur. Dette er inkludert i tilpassing av veglinja i samband med reguleringsplanen.

Kartlegging av naturmangfald i arbeidet med reguleringsplanen

Statens vegvesen fekk i 2020 gjort tilleggskartleggingar av naturmangfaldet i planområdet i det pågåande  arbeidet med reguleringsplanen. Rapporten, som er utarbeidd av Asplan Viak, supplerer naturkartlegginga frå kommunedelplanen frå 2015.

Kartlegginga av området vart utført i feltsesongen i 2020 og omfatta naturkartlegging og verdivurderingar både på land, i vassdrag og i sjøen. Med kommunedelplanvedtaket frå 2019 vart det bandlagt ein korridor på 300 meters breidde, i tillegg til utvidingar der det er aktuelt med kryss. I arbeidet med reguleringsplanen skal veglinja optimaliserast innan for denne korridoren. Kartlegginga frå 2020 ein del av grunnlaget for dette arbeidet.

Ytterlegare naturtypekartlegging i 2021 og 2022

I 2021 vart det utført ytterlegare naturtypekartleggingar, særleg i området sør på Tysnes. Der skal det lkonsekvensutgreiast  eit delstrekningsalternativ som ikkje vart vurdert i kommunedelplanen. Det er også gjort noko tilleggskartlegging på Stord i 2021 .

Kartlegging av insekt i hole eiker på Tysnes og Stord

Det er også gjort eigen kartlegging av insekt knytt til hole eiker. Dette fordi det i delar av planområdet er ein del hole eiker. Dette er ein utvald naturtype etter naturmangfaldlova § 52.

Kartlegginga viser at mangfaldet av eiketilknytte biller er generelt lågt på Vestlandet, og særleg er det dårlege tilhøve for krevjande (raudlista) billeartar i dei fuktige miljøa som vart undersøkte på Stord og Tysnes.

Vidare er ein del tjern- og våtmarkslokalitetar særleg undersøkte for augnestingarar sidan den freda arten gulflekktorvlibelle tidlegare er registrert i planområdet. Det vart ikkje gjort funn av denne arten eller andre sjeldne artar i undersøkinga, men det er ny registrering av gulflekktorlibel på Tysnes i 2021 (Artskart).