Det kom inn 12 innspel til reguleringsplanforslaget på strekninga Eikredammen-Ulsåk på rv. 52 i Hemsedal.

Fem frå offentlege etatar, fire frå private grunneigarar og tre frå andre interessentar. Statens vegvesen la ut planforslaget på høyring 8.januar 2024 med frist 19. februar.

riksveg 52 i Hemsdal i Buskerud
Rv 52 i Hemsedal ved Hjelmen mellom Eikredammen og Ulsåk. (Foto: Simen Aastorp Haga)

Riksveg 52 er ein viktig transportveg for godstransport mellom aust og vest. Formålet med reguleringsplanarbeidet er å betra trafikktryggleik og framkome på strekninga.

-Me hadde kanskje forventa fleire innspel frå private grunneigarar i samband med sanering av avkøyringar. Tema som har vorte tekne opp i planforslaget høyringa? innspela er mellom anna avkøyringar, matjord, fartsgrenser, viltpåkøyrslar og Hemsil. Det har komma ei varsla innvending frå NVE og Statsforvaltaren som meiner at me ikkje har svart ut vassressurslova godt nok, seier planleggingsleiar Anne-Lise Mastrup i ein kommentar.

bru og smalt parti på rv 52 i Hemsedal
Sandbekk bru på rv. 52 mellom Eikredammen og Ulsåk. (Foto: Simen Aastorp Haga)

Vidare prosess

No vil Statens vegvesen gå gjennom innspela til planen, vurdera aktuelle forbetringar av planforslaget og svare ut høyringsinnpela. Deretter blir planen send til vedtaksbehandling i Hemsedal kommune.

Når kan anleggsarbeida starte?

Først må reguleringsplanen bli vedteke. Reguleringsplanen må vera vedteken før det kan tildelast midlar til gjennomføring av tiltaket. Deretter må det ervervas grunn som trengst for å gjennomføra utbetringa av riksvegen. Arbeid med grunnerverv startar normalt når reguleringsplan er vedteken. Det er vedteke reguleringsplan som gir heimel for å gjennomføra grunnerverv.

Aktuelt for fylke: Buskerud