Artikkelen er frå 2021, og innhaldet kan vere utdatert.

Hæhre Entreprenør AS vann kontrakten på bygging av ny Skjøiten bru på rv 52 i Hemsedal

Skjøiten kontrakt signert. (Foto: Kjell Wold)

(Digital signering Skjøiten bru: øverst f.v. prosjektleder i Svv, Knut Erik Skogen, anleggsleder i Hæhre Runar Slåttun, prosjektleder i Hæhre Øyvind Holen, daglig leder i Hæhre Gudmund Roen, utbygginbgsdirektør  i Svv, Kjell Inge Davik og prosjektdirektør i Svv Utbygging sørøst, Ingunn Foss)

I dag vart kontrakten signert digitalt av utbyggingsdirektør Kjell Inge Davik i Statens vegvesen og dagleg leiar i Hæhre Entreprenør AS Gudmund Roen. Kontrakten er på 79 millioner kroner eks moms

Hæhre vann kontrakten i skarp konkurranse med to andre entreprenørar som var prekvalifisert etter at sju firma fyrst melde interesse for jobben i vinter.

Hæhre skal byggje ny Skjøiten bru 40-50 meter nedstraums dagens bru. Den nye brua vert om lag 90 meter. Dagens bru er frå 1937 og er ein flaskehals nokre kilometer nordvest om Hemsedal sentrum. Det skal og byggjast 3-felt mellom Venås bru og Skjøiten bru. Samt tilstøytande vegar i begge endar av ny bru.

Dagens bru er frå 1937. (Foto: Cecilie Schjøtt Høiholt)

Arbeidet med ny bru startar allereie no i månadsskiftet april-mai og er berekna å ta om lag 17 månader. Den nye brua skal etter planen opnast i juli 2022. Gammal bru skal rivats og heile prosjektet er ferdig i septemberg 2022 

Det går med 1071 m3 betong og 155 tonn armering til bru. Det skal også sprengjast ut vel 9500 m3 fjell i samband med arbeidet. Det blir og omfattande bergsikringsarbeider på prosjektet.

 

 

Ny bru kjem 40-50 nedstraums dagens bru. (Foto: Statens vegvesen)
Aktuelt for fylke: Viken