Artikkelen er over to år gammal, og innhaldet kan vere utdatert.

Dei nærmaste dagane er det prøvegraving i Mørkedøla for å finne om det er fast fjell eller ikkje for ei bruakse i elvjuvet.

Hæhre graver i elvjuvet i Mørkedøla for å finne fast grunn. (Foto: Kjell Wold)

Den nye Skjøiten bru skal byggjast om lag 40-50 meter nedstraums dagens bru på rv. 52. Hæhre en entreprenør på jobben som skal vere ferdig neste sommar.

Arbeidet med å sprengje på kvar side av elva starter over helga. For nokre dagar sidan var spesialhundar på plass for å leite etter moglege sprengstoffrestar frå tidlegare veg- og bruarbeid.

Dagens bru er frå 1937 og treng utskifting. (Foto: Kjell Wold)

Det vert gjort nokre markeringar som no skal undersøkjast nærmare. Arbeidet med ny Skjøiten bru er no i gang for fullt. Det skal jobbast med ny veg og bru i heile sommar utan ferieopphald.

So langt har ein ikkje hatt problem med vårflaum i Mørkedøla sjølv om elva no har ganske stor vassføring.

På grunn av vegarbeidet er det skilta ned fartsgrense til 50 kilometer i timen nokre hundre meter oppstraums og nedstraums brua. Det er viktig at trafikantane er oppmerksame på dette og tek omsyn til arbeidet som no skjer tett opptil rv. 52

 

Ny bru på rv 52 ved Skjøiten ligg 40-50 m eter nedstraums dagens bru frå 1937. (Foto: Kjell Wold)