Delstrekning Varpe Bru - Smedalsosen vart opna i sin heilskap 29. september 2017, då Filefjelltunnelen på 5,8 km opna for trafikk. I forkant var nær 14 km veg i dagen tatt i bruk - stykke etter stykke.

Det er Hæhre Entreprenør AS som har bygd veg og tunnel på strekninga, og Mesta Elektro stod for elektromontasje i tunnelen.

Strekninga over høgfjellet er utstyrt med uvêrslys, for å gjere det lettare å brøyte og å følge vegen ved dårleg vêr om vinteren.

Målet med utbetringa er at E16 skal få fullgod standard og at vegen vert utforma slik at den vert lettare å drifte og halde open om vinteren.