Artikkelen er fra 2019, og innholdet kan være utdatert.

Hovden hytteservice AS og Statens vegvesen skreiv i dag kontrakt for å byggje ny rv. 36 langs Seljordsvannet

- Vi er veldig glade for å ha fått denne kontrakten.  For oss er det ekstra viktig å få vinterarbeid, slik det er lagt opp til her, seier Jo Breivegen som er dagleg leiar i entreprenørfirmaet.
Gleder seg


Kontraktsummen for prosjektet Rv. 36 Bø-Seljord, er nesten 122 millionar  kroner inkluderte meirverdiavgift.  Prosjektleiar Helene Byre i Statens vegvesenl har det øvste ansvaret for bygginga.
- Vi har heldt på ei god stund med denne vegen, no gleder vi oss til å kome i gong, seier prosjektleiaren.
Fram til opning av den nye vegstrekninga i løpet av 2021, skal det byggjast vel tre kilometer ny veg på rv. 36.  Allereie om kort tid vil entreprenøren starte med hogging og rydjing langs traséen.  23. september blir stengd riksvegen fordi Sjøormporten tunnel skal oppgraderast og totalrenoverast.  Hovden vil starte bygginga av vegen i denne perioden.  Riksvegen er open i julemånaden, men stengjer igjen 6. januar og fram til utgangen av april neste år. Vegen vil også bli stengd i fem månader i løpet av perioden 1. september 2020-30.april 2021.
Krevjande terreng


- Kontrakten ville ikkje vore like attraktiv for oss om vi ikkje kunne stengje vegen.  seier Breivegen.
Terrenget vegen skal byggjast i, er både krevjande og utfordrande fordi det er den stupbratte sidevegen sin på begge sider av vegen.  Entreprenøren fortel at dei vil leggje opp til delvis skiftarbeid for å rekkje fristane dei har fått.

Helene Byre, Projsektleder SVV og daglig leder Jo Breivegen i Hovden hytteservice. Kontraktsignering Rv. 36 Bø-Seljord
Daglig leiar Jo Breivegen og prosjektleiar Helene Byre i Statens vegvesen skreiv under på kontrakten for byggingen av rv. 36 langs Seljordsvatnet. Foto: Tor Arvid A. Gundersen
Aktuelt for fylke(r): Vestfold og Telemark