Rv. 5 gjennom Florø er ei gate som ber preg av manglande tilrettelegging i høve til området gata går gjennom. Det er behov for oppstramming av gata med betre tilpassing til sideareal og sidegater og å gi dei mjuke trafikantane areal som er tydeleg avgrensa frå biltrafikken.

Krav til utforming gitt i vegnormalane skal følgjast samtidig som det må takast omsyn til kva konsekvensar stenging av gater vil få. Gatene skal tilpasse seg eksisterande situasjon der kvartalstrukturen er viktig for bybiletet og framkomst mellom gatene er viktig for funksjon i byen. Gatene skal utformast slik at den støttar opp under å gi byen eit meir heilskapleg inntrykk.

Forprosjekt for rv. 5 Markegata gjennom Florø sentrum greier ut om mulige tiltak, prinsipp og kostnader med å utbetre riksvegen. Som grunnlag for forslaga er områda gata går gjennom skildra. Krav til utforming for riksvegen med tilgrensande areal er lagt til grunn for løysingane.