Høyringa gjeld framlegg til endring i forskrift 16. desember 2016 nr. 1594 om mellombels auka bompengetakstar for Bergen kommune i Vestland.

Det er føreslått at tittelen på forskrifta blir endra til «forskrift om mellombels endra bompengetakstar, Bergen kommune, Vestland» (sjå punkt 1.3).  

Føremålet med endringane er større rettsleg klarleik, samt å gjere det enklare å sikre at prosedyrane er i samsvar med anna regelverk og inngåtte bompenge- og finansieringsavtalar. 
Vidare er hensikta å sikre at lokale styresmakter har eit verktøy som kan nyttast ved behov for å setje i verk tiltak mot høg luftforureining etter forureiningslova § 9 og forureiningsforskrifta kapittel 7. Framlegget inneber presiseringar og enkelte materielle endringar, og er meir ei tydeleggjering av gjeldande regelverk og førearbeida til veglova § 27 tredje ledd.

Endringane skal og sikre at forskrifta er i samsvar med intensjonen til lovgjevar og dei endringane som er gjorde i veglova § 27 tredje ledd etter at forskrifta tredde i kraft, jf. Prop. 82 L (2016–2017). 

Høyringsdokument

Send inn høyringsinnspel

Eg svarer på vegner av

Kontaktperson

Ikkje skriv sensitive personopplysningar i skjemaet. Innhaldet blir sendt ukryptert som e-post til Statens vegvesen.

Statens vegvesen behandlar opplysningane i tråd med personvernerklæringa.

Vedlegg

Om du vil leggje ved fleire filer, må du halde inne Ctrl-tasten (på PC) eller Command-tasten (på Mac) når du markerer dei filene du vil leggje ved.

Hugs at vedlegga må vere mindre enn 10 MB.