Dersom gyldig-til-datoen som står på førarkortet ditt, er hundreårsdagen din, kan du sjå når du seinast må fornye det her.

Stort rosa førarkort (Wien-modell 1 og 2)

Er førarkortet ditt utferda i perioden 1. april 1979 til og med 31. desember 1997, må du fornye det innan utgangen av 2022.

Rosa førarkort i bankkortstorleik (EØS-modell 1)

Er førarkortet ditt utferda i perioden 1. januar 1998 til og med 18. januar 2013, må du fornye det innan utgangen av 2032.

Korleis fornyar du førarkortet?

Du må ta nytt bilete for å fornye førarkortet ditt. Biletet tar du på ein trafikkstasjon. Ta med gyldig legitimasjon.

Vi tilrår at du bestiller time, for å unngå ventetid.

Bestill time på trafikkstasjon

Rosa førarkort i bankkortstorleik utferda 19. januar 2013 eller seinare (EØS-modell 2 og 3)

Er førarkortet ditt utferda 19. januar 2013 eller seinare, gjeld gyldig-til-datoen som står på baksida av førarkortet.