Du må vise gyldig legitimasjon når du møter på trafikkstasjonen. Her kan du sjå kva vi godtar som legitimasjon.

Godkjend norsk legitimasjon

  • norsk pass (ikkje nødpass)
  • norsk nasjonalt ID-kort – med og utan reiserett
  • norsk førarkort utferda etter 1. januar 1998
  • norsk digitalt førarkort
  • norsk bankkort med bilete og fødselsnummer
  • Forsvarets ID-kort
  • norsk sjøfartsbok
  • norsk reisebevis for flyktningar
  • norsk utlendingspass (ikkje godkjent dersom det er utferda for enkeltreise)

Statens vegvesen godtar ikkje studentbevis, bevis for opphaldsløyve, medlemskort og liknande som legitimasjon.

Godkjend utanlandsk legitimasjon

  • utanlandsk pass (ikkje nødpass)
  • nasjonalt ID-kort frå EU/EØS-land, Sveits og Ukraina
  • reisebevis for flyktningar utferda i Danmark, Finland, Tyskland, Italia, Nederland, Polen, Portugal, Romania, Spania, Sverige, Sveits eller Storbritannia
  • innanrikspass frå Ukraina med autorisert omsetjing til norsk eller engelsk

Du må kunne oppgi heile fødselsnummeret ditt / d-nummer (11 siffer).

Dersom du har fått tildelt ein annan fødselsdato i Noreg enn den du har passet ditt, må du ta med dokumentasjon frå Skatteetaten som stadfestar dette.

Krav til legitimasjonen

Legitimasjonen kan ikkje vere gått ut på dato. Unntaket er norsk førarkort som er utferda i 1998 eller seinare. Dette kan brukast sjølv om det ikkje er gyldig lenger.

I tillegg må

  • legitimasjonen vere original. Vi godtar ikkje stadfesta kopi.
  • biletet vere oppdatert. Det kan ikkje vere den minste tvil om at det er deg på biletet.
  • informasjonen vere tydeleg å lese. Det kan ikke vere knekt, eller ha skadar eller slitasje som gjer det vanskeleg å tyde.