Skal du ta førarkort for første gong eller utvide til ein ny klasse? Du kan enkelt søkje om førarkort på Di side.

Søk om førarkort Logg inn

Vandelskontroll skjer automatisk

Når du søkjer om førarkort første gongen, blir søknaden automatisk send til vandelskontroll hos politiet. Det tar vanlegvis to til fire veker å få svar, men det kan også ta lengre tid.

Du må ha godkjend vandel før avsluttande prøve

Skal du køyre opp, må vandel være godkjend før du kan bestille time til oppkøyring.
Skal du ta førarkort der du berre må ta teoriprøve, må vandel være godkjend før du tar prøva.

Ein godkjend vandel er gyldig i seks månader

Søknaden blir send til ny vandelskontroll kvar fjerde månad i opptil tre år inntil du har fått førarkort. Du kan sjå om vandelen din er godkjend, under søknadene dine på Di side.

Kva gjer du dersom vandelen din ikkje blir godkjend?

Meiner du at ny informasjon kan ha noko å seie for vandelen din, kan vi bestille ein ny vandelskontroll. I dette tilfellet må du kontakte oss.

Skal du ta førarkortet meir enn tre år etter at du først søkte?

Skal du ta førarkort meir enn tre år etter at du først søkte, må du kontakte oss for å få gjort ein ny vandelskontroll.

Syns- eller helseattest når du tar førarkort til ein lett klasse

Dersom du skal ta førarkort for moped, motorsykkel, bil, traktor eller snøscooter, må du levere ein synsattest dersom du til dømes har nedsett syn.

Du må levere ein helseattest dersom du har svekka helse som kan påverke trafikksikkerheita. Dette får du spørsmål om når du søkjer om førarkort. 

Tar du førarkort i ein klasse der du ikkje må køyre opp?

Tar du førarkort for moped (AM) og snøscooter (S) er teoripøva den avsluttande prøva. Då må attesten sendast til Statens vegvesen før du tar teoriprøva. Du kan også levere han på ein trafikkstasjon.

Syns- eller helseattest når du tar førarkort til ein tung klasse

Dersom du skal ta førarkort for lett lastebil, lastebil, minibuss eller buss, eller ta kompetansebevis for utrykking, må du levere helseattest frå ein lege.

Har du levert helseattest tidlegare, og han framleis er gyldig for klassen eller kompetansen du skal utvide til, treng du ikkje levere ein ny helseattest. 

Korleis veit du om du må levere helse- eller synsattest?

Du får beskjed om du må levere helse- eller synsattest når du søkjer om førarkort. Vi sender deg eit informasjonsbrev når vi har registrert søknaden.

Du kan alltid sjå status på søknaden på Di side

Kvar får du helse- eller synsattesten?

Du får helseattest frå ein lege. Synsattest kan du få frå ein offentleg godkjend optikar eller augelege. 

Slik leverer du syns- eller helseattest

Dersom du må levere syns- eller helseattest, kan trafikkskulen først bestille oppkøyring når vi har fått attesten. 

Helseattesten kan du sende eller levere til den lokale trafikkstasjonen din. Vi må ha originalversjonen av helseattesten din. 

Autoriserte optikarar og augelegar kan sende synsattesten digitalt til Statens vegvesen. Du kan også sende eller levere han til den lokale trafikkstasjonen din

Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månader når vi tar imot han.

Det kan ta opptil ei veke frå vi tar imot ein syns- eller helseattest, til vi har registrert han

Du får SMS og e-post når vi har registrert han. Du kan også sjå på Di side når han er registrert.

Du kan alltid sjå status på søknaden på Di side

Gi trafikkskolen fullmakt til å bestille oppkøyring

Når du er klar for å køyre opp, bestiller trafikkskolen oppkøyringa for deg. For å kunne gjere dette treng skolen ei fullmakt frå deg. Den gir du dei på Di side. 

Søk om førarkort på papir

Du kan òg søkje om førarkort ved å bruke eit søknadsskjema på papir (PDF). Det kan du sende til trafikkstasjonen din i posten eller levere det sjølv. Bestill time for å levere skjemaet sjølv, så slepp du å venta på trafikkstasjonen.

Her finn du skjema du skal bruke når du søkjer om førarkort.

Uansett korleis du søkjer, vil du få ei stadfesting i den digitale postkassa di. Dersom du ikkje har ei digital postkasse, sender vi stadfestinga til adressa der du er folkeregistrert. Leverer du søknaden på ein trafikkstasjon, får du ei stadfesting på at vi har registrert søknaden, i skranken.

Sist oppdatert: