Bergen trafikkstasjon (køyretøy)
Besøksadresse:
Heiane 4Nyborg
Postadresse:
Postboks 8745807 Bergen
Bestill, endre og avbestill time
Vi anbefaler deg å bestille time for registrering av køyretøy og skilt. Bestiller du ikkje time, må du rekne med ventetid.
Endre og avbestille time
Du kan endre og avbestille ein time i timebestillingstenesta. Når du gjer det, må du oppgi eit referansenummer. Referansenummeret fekk du då du bestilte timen.
Opningstider
- Måndag
- kl. 09:00–15:15
- Tysdag
- kl. 09:00–15:15
- Onsdag
- kl. 09:00–15:15
- Torsdag
- kl. 09:00–15:15
- Fredag
- kl. 09:00–15:15
Dine behov
Du kan ikkje ta teoriprøve på denne trafikkstasjonen.
Du må bestille time for å ta teoriprøven på Bergen trafikkstasjon (førarkort).
Du kan gi trafikkskulen fullmakt til å bestille time til oppkøyring eller bestille timen sjølv.
Vi utfører køyretøykontroll av lette og tunge køyretøy ved timebestilling.
Hente skilt
Du må bestille time for å hente skilt.
Levere skilt
Du kan levere skilt på trafikkstasjonen heile døgnet.
Sende skilt i posten
Du kan òg sende skilt i posten, til trafikkstasjonen si postadresse. Dei blir då avregistrerte frå den datoen du postla dei.
Bestill prøveskilt
Du kan bestille prøveskilt på Di side.
Kontakte trafikkstasjonen
Du kan ikkje ringe eller sende e-post direkte til trafikkstasjonen. Sjå korleis du kan kontakte Statens vegvesen.
Betaling på trafikkstasjonen
Du kan betale med bankkort (debetkort) og kontantar. Du kan ikkje betale med kredittkort.
Legitimasjon
Du må ha med gyldig legitimasjon når du møter på trafikkstasjonen.