Vi svarar på spørsmåla dine om førarkort, køyretøy, trafikk og andre ting du lurar på.

Spar tid ved å gjere det sjølv

Det kan vere lang ventetid på vår telefon. Før du ringer,  kan du sjå om du kan bruke dei digitale tenestene våre. 

Nokre av dei mest brukte tenestene våre

Bestill time på trafikkstasjon

Alle ledige timer på trafikkstasjonen er i timebestillingstenesta, og det kjem fortløpande nye. Vi har dessverre ikkje oversikt over andre timer enn desse som ligg ute i bestillingstenesta.

Bestill time

Endre eller avbestill time på trafikkstasjon

Du kan endre og avbestille en time i timebestillingstenesta. For å avbestille eller endre ein time må du oppgi eit referansenummer. Referansenummeret får du når du bestiller timen.

Endre eller avbestille time

Telefonnummeret vårt er 22 07 30 00.

Opningstider

Du kan få svar på spørsmål på telefon innanfor følgjande tidsrom:

Førarkort Måndag–fredag kl. 9.00–kl. 14.00
Køyretøy – generelle spørsmål Måndag–fredag kl. 9.00–kl. 14.00
Køyretøy – tekniske spørsmål Måndag–fredag kl. 9.00–kl. 14.00
Andre førespurnader Måndag–fredag kl. 8.00–kl. 15.30

Tastevala du får når du ringer oss

Ring 22 07 30 00.

Press 9 for information in English.

Tast 1 for spørsmål om køyretøy.

Tast deretter

  • 1 for informasjon om registrering og eigarforhold på køyretøy
  • 2 for å bestille time i kontrollhall
  • 3 for å bestille time i skranken ved ein trafikkstasjon
  • 4 for tekniske spørsmål om køyretøy

Tast 2 for spørsmål om førarkort.

Tast deretter

  • 1 for å bestille time for førarprøve
  • 2 for å bestille time i skranken ved ein trafikkstasjon
  • 3 for andre førespurnader om førarkort

Tast 3 for veg- og trafikkmeldingar.

Tast 4 for andre førespurnader eller sentralbordet.

Kontakt vegtrafikksentralane ved trafikkfarlege situasjonar

Ved trafikkfarlege situasjonar, som for eksempel overfløyming eller gjenstandar i vegen, skal du ringe vegtrafikksentralane på telefonnummer 175.