Her finn du informasjon om krava til lys på bilen.

Som førar må du sørge for riktig bruk av lys etter lysforholda.

Lyktene skal vere forsvarleg monterte og berre lykter merka med «E» eller «e» er godkjent lysutstyr.

Køyrelys

Bilen skal ha to lykter framme med kvitt eller gult køyrelys. Som køyrelys kan du bruke

  • nærlys og nærlys med redusert spenning
  • særskilt godkjende lykter
  • lykter for kurve-/tåkelys

Ved bruk av køyrelys er det ikkje påkravd at baklysa er tente. Som førar av bilen må du likevel sørge for å bruke riktig lys etter lysforholda. Når du køyrer inn i ein tunnel, skal baklysa for eksempel vere tente.

Nærlys

Bilen kan berre ha to nærlys. Desse skal ikkje lyse sterkare enn 0,7 lux i ei høgde på 1,10 meter, målt 25 meter framfor lykta.

Du kan bruke nærlys i kombinasjon med fjernlys, men det er ikkje tillate å bruke nærlys i kombinasjon med tåkelys.

Fjernlys

Du kan montere så mange ekstra fjernlys du vil, på bilen din, men monteringa skal vere symmetrisk.

Det er inga grense for maksimal tillaten lysstyrke.

Tåkelys

Bilen kan berre ha to tåkelys. På dagtid kan du bruke tåkelys som køyrelys i staden for nærlys. Du kan ikkje bruke tåkelys i kombinasjon med nærlys.

Det er i utgangspunktet ikkje tillate å bruke tåkelys i kombinasjon med fjernlys. Unntaket er kurvekøyring i låg fart (10–20 km/t).

Parkeringslys

Bilen kan berre ha to parkeringslys. Parkeringslysa skal alltid vere tente i kombinasjon med nærlys, tåkelys, fjernlys og baklys.

Du kan ikkje bruke parkeringslyspærer i ettermonterte lyskastarar dersom dei ordinære parkeringslysa samtidig er tente.

Ettermonterte bremselys

Alle ettermonterte bremselys skal lyse kontinuerleg ved aktivering.

Ettermonterte bremselys som blinkar eller på andre måtar forstyrrar medtrafikantar, er ikkje tillatne.

Sist oppdatert: