Vi reknar med å vere ferdige med arbeida vinteren 2022.

Prosjektet består av utbetring av E134 HP1 i Vindafjord kommune, i ei lengd på ca. 1,3 km (frå ca. km 10,340 til 11,675).

E134 er stamveg (aust-vest) mellom Haugesund og Drammen og har ein ÅDT2017 på 4750 køyretøy per døgn. Tunge køyretøy utgjer ca. 15 % av desse. Fartsgrensa på strekningen er i dag 60 km/t. Prosjektert veg tilfredsstiller dimensjoneringsklasse U-H2.

På delar av strekningen vil gang- og sykkelvegen ligge på dagens (eksisterande E134) og ny køyreveg vil ligge i ubygd terreng.

Vågselva (fiskeelv) må i fleire område flyttast, og dette er arbeid som krev særleg aktsemd i forhold til elva og dyrelivet der.

Fleire avkøyrsler vil bli lagt om, og samla så langt dette lar seg gjere. Vidare blir det lagt inn to sett med busslommer.

Prosjektet består av fire konstruksjonar.

Vei:
E134
Fase:
Byggefase
Kommuner:
Vindafjord
Fylker:
Rogaland
Lengde:
1300 meter
Finansiering:
Stat, Bompenger
Nasjonal transportplan:
Omtalt i NTP 2018-2029
Totalkostnad:
117 mill. kr
Oppstart:
Vinter 2020
Antatt åpnet:
Vinter 2022

E134 Espelandssvingane. © NVDB, Geovekst, kommunene og Open Street Map contributors (utenfor Norge)

Kontakt Statens vegvesen

Prosjektkontor

Besøksadresse:

Medvind-bygget v/Statens vegvesen, E134, Ølensvåg

Kontakter

Arild Kalleland Vallestad

Prosjektleiar
Telefon:
48 27 05 50
E-post:
Sist oppdatert: