Det er no varsla om oppstart av planarbeid for E134 Ølen–Fikse i Vindafjord kommune og Fikse–Mørkeli i Etne kommune.

E134 Tveit–Gjerde består av utbetring av E134 i Vindafjord og Etne kommunar, i ei lengd på ca. 7,5 km. Fartsgrense er i dag variabel, men i hovudsak 70-80 km/t. Prosjektet skal delast opp i delstrekningar, Tveit–Mørkeli og Mørkeli–Gjerde. Prosjektet E134 Mørkelikrysset blei ferdigstilt i 2020 og krysset blir knytt til desse delstrekningane.

Mellom Tveit og Mørkeli blir det lagt opp til forsterka midtoppmerking (FMO) og utbetring av horisontal og vertikalprofil, sideterreng, siktsoner, busshaldeplassar og utbetring av Hiksdalskrysset. Mellom Mørkeli og Gjerde blir det lagt opp til å etablere gul stipe og utbetring av sideterreng og siktsoner. ÅDT langs strekningen var 4000 i 2019 med ein andel tungtrafikk på 16 %.

Oversiktskart som viser delstrekningane.Foto.
Oversikt over delstrekningane. Foto: Statens vegvesen

Vei:
E134
Fase:
Prosjekteringsfase
Kommuner:
Vindafjord, Etne
Fylker:
Rogaland, Vestland
Lengde:
7500 meter
Finansiering:
Stat, Bompenger
Nasjonal transportplan:
Omtalt i NTP 2018-2029
Oppstart:
Vår 2022

E134 Tveit–Mørkelikrysset–Gjerde. © NVDB, Geovekst, kommunene og Open Street Map contributors (utenfor Norge)

Kontakt Statens vegvesen

Prosjektkontor

Besøksadresse:

Rennesøygata 16, Haugesund

Kontakter

Arild Kalleland Vallestad

Prosjektleiar
Telefon:
48 27 05 50
E-post:

Sist oppdatert:

Gå videre