Entreprenøren er i gang med tunneldriving på Myrmel, og arbeidet med omkøyringsvegane pågår for fullt.

Representantar frå vegvesen og entreprenør står oppa forskjeringa.
Statens vegvesen og representantar frå entreprenør og prosjektering på synfaring ved forskjering på Lunde-sida. Byggeleiar Jan Bjarne Thorsnes foran i midten.

-Me er no i full drift på anlegget, og nyleg starta sjølve tunneldrivinga frå sør. Me har passert 20 meter med inndrift, og me er også godt i gang med å bygge dei midlertidige omkøyringsvegane som trafikken skal gå på medan entreprenøren bygger ny E39, seier byggeleiar Jan Bjarne Thorsnes i Statens vegvesen.

Fri passasje

Omkøringsvegane skal ha to køyrefelt, og dei skal vere ferdige og asfalterte til jul. Dette betyr at trafikkantane skal sleppe fritt forbi anleggsområdet, unntatt når ein må ha manuell dirigering grunna sprenging og andre operasjonar der trafikken må halde avstand frå arbeidet.

Hovudentreprenør AS Birkeland Entreprenørforretning har fått opparbeidd riggområde på sørsida av tunnelen der servicetelt for tunnelriggen er kome opp, og det er klargjort for mellomlagring og knusing av tunnelmassar. Birkeland har med seg Hirth Himle Entreprenør AS og Fosse Maskin og Transport AS på graving og masseflytting på anlegget. Norconsult er inne på prosjektering i totalentreprisen.

Bildet visar starten på tunneldrivinga på Myrmel. Eidumpar løfter stein opp i lastebil.
Utlasting etter tunnelsalve på Myrmel, der tunnelen byrjar å ta form. Pr 30. november er holet blitt noko djupare, med over 20 meter inndrift.

Tunneldriving til over sommaren

Drivinga av den ca. 1 km lange tunnelen vil ta ca. 8 - 9 månader, og me kan dermed forvente oss gjennomslag til hausten. På nordsida av tunnelen pågår det sprenging av forskjering, samt vegbygging og sprenging av nokre hamrar for å rette ut veglinja.

Veganlegget ser ut til å få god balanse i massehandteringa, slik at stein som blir sprengt ut kan nyttast på plassen, til å bygge den nye vegen og planere ut sideareala. Jordbruksareal som er teke til mellom anna riggområde skal førast tilbake til landbruksareal når anlegget går mot slutten.

Gir sikrare E39

På kvar side av tunnelen er det rundt 1,5 km ny veg som skal byggast, og denne vil gå ganske nær dagens trase. Prosjektet vil gjere E39 mellom Førde og Sande tryggare, ved at svingar blir retta ut og vegen får betre standard. Eit godt nett av sidevegar vil også redusere trafikken med jordbruksmaskinar på E39, noko som det er ein del av i dag.

Byggetida på anlegget er anslått til ca. 2,5 år, slik at veg og tunnel skal stå ferdig til bruk desember 2023. Rigg- og deponiområda skal ferdigstillast sommaren 2024.

Gravemaskin og bulldoser i gang med å bygge veg.
Underentreprenørane Hirth Himle og Fosse Maskin bygger omkjøringsveg på nordsida av tunnelen. Område med forskjeringa i bakgrunnen.
Aktuelt for fylke(r): Vestland, Sunnfjord