E39 Veibustkrysset
Kvar?
- Fylke:
- Møre og Romsdal
- Kommunar:
- Sula
Kva?
Statens vegvesen bygger nytt toplanskryss med kulvert i E39 Veibustkrysset i Sula. Arbeidet skal løyse utfordringar med kø og gje betre trafikktryggleik.
Kvifor?
Det er utfordrande å komme seg inn på E39 frå lokalveg/industriområde på grunn av den store trafikken på E39. Spesielt når ein skal svinge til venstre og må ha klar køyrebane i to retningar, kan ein bli ståande lenge før ein kjem seg inn på E39.
Kart
Framdrift
Arbeidet starta i byrjinga av november 2025, og det er Busengdal AS som er hovudentreprenør på anlegget.
Arbeidet vart utlyst hausten 2025. Entreprenøren Busengdal AS hadde det beste tilbodet, og kontrakt vart signert i oktober 2025
I samband med fremlegg av forslag til statsbudsjett 2025, vart prosjektet føreslått med oppstartsmidler i 2025.
Reguleringsplanen vart vedteken i mars 2023.
Aktuelt
-
Nytt køyremønster på E39 i Veibustkrysset
— Køyremønsteret på E39 blir lagt om i Veibustkrysset natt til tysdag. No skal trafikken gå på den midlertidige omkøyringsvegen på sørsida av Vegsundbrua.
-
Legg om lokaltrafikken i E39 Veibustkrysset
— Måndag morgon blir trafikken lagt om på lokalvegane for dei som skal av og på E39 i Veibustkrysset.
-
Tar i bruk rundkøyring i E39 Veibustkrysset
— Anleggsarbeida i E39 Veibustkrysset i Sula er kome godt i gang, og onsdag 17. desember blir trafikken ført over på ei midlertidig rundkøyring.
Fakta og nøkkeltal
- Lengde:
- 400 meter
- Finansiering:
- Stat
- Nasjonal transportplan:
- NTP 2025–2036
- Totalkostnad:
- ca 165 millionar (2025-kroner)
- Oppstart:
- Høst 2025
- Antatt opna:
- Sommer 2027
Meir om prosjektet
I Veibustkrysset er Statens vegvesen i full gang med å bygge nytt toplanskryss med kulvert under E39. Krysset ligg nokre få kilometer sør for Ålesund, og arbeidet skal løyse køproblematikk og gje betre trafikktryggleik. Det har vore fleire ulykker og nestenulykker på staden.
Framkomsten på E39 vil bli omtrent uendra når krysset står ferdig utbetra i 2027.
Kontakt
Prosjektkontor
- Besøksadresse:
-
Vestre Olsvikveg 13, 6019 Ålesund
Kontaktar
Synnøve Flisnes
- E-post: