Tiltak 18 i Førdepakken er Kyrkjevegen - utbetring av køyreveg og nytt fortau, på strekninga frå Angedalsvegen til Hornnesvegen.

Forslag til reguleringsplan for Kyrkjevegen er lagt ut på offentleg høyring, etter vedtak i formannskapet torsdag 11. februar. Frist for å komme med merknader er 15. april.

Merknader skal sendast til Sunnfjord kommune, sjå kunngjering på Sunnfjord kommune sin heimeside, der alle dokument ligg.

Hovuddokumenta ligg til nedlasting til høgre på sida her.

Det blei arrangert informasjonsmøte i Førdehuset måndag 15. mars. Presentasjon frå møtet er vedlagt for nedlasting til høgre!

Kontaktpersonar:
Førdepakken

Magna Vangsnes

tlf 57 65 58 53/95 19 19 63

 

Sunnfjord kommune

Vigdis Lobenz

tlf. 57 82 87 80

Omtale av tiltaket:

Det er stor gang- og sykkeltrafikk langs Kyrkjevegen. I tillegg til tilkomst til og frå bustadområda,  er det mange som nyttar vegen for å komme til  Førde barneskule, Førde ungdomsskule, Kulturskulen, ungdomshuset Skrivarløa, Prestebakken barnehage og Solsida barnehage,  Førde kyrkje og  Kyrkjelydshuset.

IMG_7897

Planarbeidet gjeld ei lengre strekning - frå Angedalsvegen til og med Elstervegen /Helsetunet. Ein kan då planlegge samanhengande løysing på heile strekninga,  forbi kyrkja og ned til Elstervegen /Helsetunet der Kyrkjevegen kryssar tiltak 16 i Førdepakken (gang- og sykkelveg til mellom Førdehuset og  Naustdalsvegen).

Formål med planen er å betre tilhøva for mjuke trafikantar ved å regulere areal for fortau langs Kyrkjevegen. Strekninga vert frå Angedalsvegen og til Elstervegen slik at det vert god samanheng med det som er det bygd i tiltak 16, sykkelveg/fortau frå Førdehuset til rv.5 . Når reguleringsplanen er vedteken skal den realiserast med bygging av køyrevegen og fortauet. Det skal leggast til rette for fleire gode kryssingspunkt over Kyrkjevegen. Strekninga er ca. 870 meter.

IMG_7952

Kyrkjevegen blir nytta av både bilistar og gåande og syklande. Foto: Statens vegvesen