Artikkelen er over ett år gammel, og innholdet kan være utdatert.

– Vi ser at det er nokre interessekonfliktar mellom næringsliv og innbyggjarar i dei ulike områda.

Prosjektleiar Morten Ask leda møtet i referansegruppa i Øystese den 28. september. Han registrerer at det framleis er et godt «klima» i gruppa, og god takhøgde for å diskutere fordelar og ulemper ved de ulike alternativa for E134 frå Jondal til Jøsendal.
– Vi ser generelt ikkje uvanleg store byggemessige utfordringar i dei fem alternativa vi har skissert.

Portrett Morten Ask, med utsikt utover Hardangerfjorden fra Øystese.
Prosjektleder Morten Ask i KVU E134 arm til Bergen. Foto: Ingvild Amble

«Alle» vil ha ein rask veg til Bergen

– Det er heilt naturleg at ein kjempar litt for sine eigne interesser, og i dette tilfellet er det i hovudsak eit spørsmål om vegen skal ta sørleg rute gjennom Sunnhordland eller den nordlege Hordalandsdiagonalen. I begge områda er det både næringsliv og innbyggjarar som gjerne vil ha vegen i sitt område.
– Vi skal òg ta omsyn til dei ikkje-prissette faktorane, som er utfordrande å verdivurdere. Som eksempel kan vi setje ein pris på arealet av dyrka mark, men tapt matproduksjon er det verre å setje ein verdi på, seier Morten Ask.
– Innspela vi får og meiningane som kjem fram på møta i referansegruppa, er viktige for oss når vi skal vurdere dei ulike alternativa. Det er mykje kompetanse og lokalkunnskap i gruppa, i tillegg til at vi har med fagfolk frå andre etatar som ser på korleis vegprosjektet påverkar til dømes hamner og skipsfart, seier Ask, som meiner at prosjektet framleis er helt opent.
– Vi ser fordelar og ulemper ved de ulike alternativa, men foreløpig har ikkje éin trasé peika seg ut som vesentleg betre enn dei andre.

Bilde fra forelesningssal på Øystese hotell.
En oppmerksom referansegruppe lytter til innlegg av Inge Alsaker. Foto: Ingvild Amble

Vidare prosess

Til nyttår skal KVU-rapporten vere klar. Der kjem prosjektgruppa, med Morten Ask i spissen, med sine vurderingar. Denne rapporten, med vegdirektørens tilrådingar, blir sendt til Samferdselsdepartementet, som gir ei tilbakemelding på om han er godtatt slik han står eller om departementet ønsker ytterlegare undersøkingar og utgreiingar.
– Deretter skal rapporten og tilrådingane gjennom ei ekstern kvalitetssikring (KS) – det som heiter KS1. Først når kvalitetssikringa er klar, kan vi offentleggjere kva alternativ vi vil gå vidare med.

Målet er at rapporten skal vere klar før årsskiftet 2022/2023.

Presentasjonane: 

Aktuelt for fylke(r): Vestland, Vestfold og Telemark, Rogaland