Dette alternativet tek til inne i eksisterande Eikefettunnel, om lag 500 m frå nordre munning. Herfrå blir det ny tunnel som munnar ut om lag 400 m ovanfor eksisterande veg i Eikefet. Vegen går ei kort daglinje i nordre del av industriområdet der den krysser  Eikemovassdraget  og går vidare i ein omlag 6 km lang tunnel til Romarheim. Tunnelen munnar ut om lag 400 m nord for Romarheim bru, krysser elva og koblar seg til eksisterande E39 fram til Gammelseter.