Vegdirektoratet arbeider for tida med å gå gjennom og vurdere alle innspela til høyringa av forslaget til ny vegdataforskrift.

Den 15. juni 2023 sende Vegdirektoratet ut brev om høyringa til høyringsinstansane. Same dag blei høyringsdokumenta publiserte på vegvesen.no. Du finn meir om høyringa her.

Fyrst var høyringsfristen 20. oktober, men for å gi nok tid til politisk behandling etter valet blei fristen forlenga til 1. desember 2023. Det kom innspel frå 32 eksterne aktørar. I tillegg har det kome innspel frå fagmiljø i Statens vegevesen.

Vegdirektoratet går for tida gjennom alle innspela. Fleire vil kunne innebere endringar i forskriftsteksten. Direktoratet håpar å kunne sende over ei oppsummering og vurdering av innspela saman med eit revidert forskriftsforslag til Samferdselsdepartementet rundt påsketider i 2024.

Departementet vil deretter handsame forslaget før dei fastsett den nye forskrifta slik at den kan tre i kraft.

Alle vegmyndigheitene og Nye Veier AS har nytte av oppdaterte veg- og trafikkdata og bør alt no førebu seg på at forskrifta kjem. Her er ein kort film om den nye forskrifta og Nasjonal vegdatabank som illustrerer nytta av korrekte og oppdaterte data for heile vegnettet.

Det store bildet

Ein informasjonsfilm om Nasjonal vegdatabank og ny vegdataforskrift. Video: Red Ant.

Arbeid med ny forskrift om vegdata og trafikkinformasjon