Nullvisjonen
Stortinget vedtok i 2001 ein Nullvisjon. Dette er ein visjon om ingen drepne eller hardt skadde i vegtrafikken.
Mål for 2030 og 2050
Nasjonal transportplan 2025–2036 har som mål at ingen skal omkome eller bli hardt skadde i transportsektoren (nullvisjonen). Vegnettet har den største utfordringa med transporttryggleik.
Etter mange år med nedgang i talet på drepne i trafikken, har talet auka dei siste to åra. Regjeringa vil intensivere arbeidet for nullvisjonen, og etappemåla i planperioden er vidareført. Det skal innan 2030 maksimalt vere 350 drepne og hardt skadde, og av desse maksimalt 50 drepne. Ingen skal omkome i vegtrafikken i 2050.
Samarbeid gir færre drepne
Talet på drepne per år er redusert frå 560 i 1970 til om lag 100 dei siste åra. Den positive utviklinga er eit resultat av tett og godt samarbeid mellom viktige aktørar som Samferdselsdepartementet, Statens vegvesen, politiet, Helsedirektoratet, Utdanningsdirektoratet, kommunale og fylkeskommunale myndigheiter, Trygg Trafikk og ei rekkje andre organisasjonar.
Menneskelege feil skal ikkje føre til død eller alvorleg skade
Nullvisjonen er grunnlaget for arbeidet med trafikksikkerheit i Noreg. Han byggjer på at det er uakseptabelt at menneske blir drepne eller hardt skadde i trafikken.
Vegane, køyretøya og regelverket skal utformast slik at dei fremjar trafikksikker atferd og reduserer konsekvensane av menneskelege feil. Førarfeil er utløysande eller medverkande faktor i dei fleste alvorlege ulykker. Vegane skal ha innebygde barrierar som kan hindre ulykker eller avgrense konsekvensane når dei skjer.
Målet er at feil i trafikken ikkje skal føre til at menneske blir drepne eller hardt skadde.