Instruksen er laga for å gjere opplæring, øving og førarprøver i køyregardar vi nyttar så trygg som mogleg, og for å unngå at alvorlege ulykker skal skje.

Opningstider

  • Banen er berre open etter avtale for køyreskular og Statens vegvesen.

Reglar og retningslinjer

(Desse reglane og retningslinjene gjeld når køyregarden vert disponert av sensorar frå Statens vegvesen)

  • Trafikklærarar som skal nytte køyregarden til opplæring/oppvarming før førarprøve, og trafikklæraren ikkje er med på køyretøyet, skal kjenne til denne instruksen og køyregarden sitt køyremønster
  • Trafikklæraren skal sitte på motorsykkelen ved opplæring i køyregarden, inntil trinnvurdering trinn 2 er gjennomført og registrert.
  • Køyregardsoppgåvene er eksamensoppgåver til førarprøven. Elevar som treng instruksjon og nyinnlæring på trinn 2 (Grunnleggande køyreteknisk opplæring) oppfordrast til å finne andre område.
  • Det er ikkje tillete å nytte køyregarden til anna enn oppmerka oppgåver, og alle skal følge same køyreretning som oppgåvene gir, og slik plassen er merka.
  • Ved bruk av køyregard skal det være to-vegs kommunikasjon mellom elev og instruktør.
  • En trafikklærar kan ha med seg 1 kandidat/elev samtidig i køyregarden.
  • Max 5 kandidatar/elevar kan vere samtidig i køyregarden.
  • Alle køyretøy som det ikkje vert nytta til opplæring eller er til førarprøve, skal parkerast på utsida av køyregarden. Ved førarprøve skal ein følge sensors rettleiing.
  • Max hastigheit er 60 km/t.
  • Vi ønsker at det skal vere sikkert å bruke området, vi oppfordrar alle til å bruke riktig MC utstyr og motorsykkelen må vere godkjent jamfør Vegtrafikkloven §13.
  • Ved ulykke ring 113. Ved personskade skal også politiet kontaktast på 112. La utstyret (mc) ligge på skadestaden.

Reglar under førarprøven

  • Ingen andre kan øve på området eller på annan måte forstyrre kandidat og sensor mens prøven pågår.