HC-registeret skal gi oversikt over kva for kommunale parkeringsløyve for forflyttingshemma som til kvar tid er gyldige.

Legg inn kortinnhaver Logg inn

Korleis få tilgang?

Du må ha enkeltretten til HC-registeret i Altinn på vegner av kommunen, og du må kunne velje kommunen som givar.

Kva for opplysningar skal du registrere?

For privatpersonar skal du gi opp desse opplysningane:

  • personnummer til kortinnehavar
  • bevisnummer
  • gyldigheitsperiode
  • om kortinnehavar er førar eller passasjer

For institusjonar skal du gi opp desse opplysningane:

  • organisasjonsnummer
  • registreringsnummer for køyretøyet
  • bevisnummer
  • gyldigheitsperiode

Kva skal du gjere når ein brukar dør?

Du treng ikkje gjere noko. HC-registeret registrerer automatisk når kortinnehavarar blir erklært døde. Kortet til desse personane får automatisk statusen «ugyldig».

Kven har ansvaret for registeret?

Kommunane er ansvarlege for å registrere innvilga løyve i registeret og for å halde ved like registerinformasjonen ved endringar.

Statens vegvesen har ansvaret for drifta av registeret på vegner av Samferdselsdepartementet.

Kva er føremålet med registeret?

Registeret skal gi ei betre oversikt over kva for kommunale parkeringsløyve for forflyttingshemma som til kvar tid er gyldige. Dette vil vere eit viktig bidrag for å hindre misbruk eller forfalskingar av løyve. Vidare vil registeret gi kommunane ei oversikt som kan vere nyttig i planleggingsarbeidet. Den enkelte kommunen vil kunne sjå statistikk basert på eigne utferda kort og samanlikne han med andre kommunar. Dette vil vere eit bidrag for å sikre likebehandling mellom kommunane.

Kontakt oss

Kontakt brukarstøtta vår dersom du har spørsmål. Skal du søkje om å få parkeringsløyve for forflyttingshemma, må du kontakte kommunen din.

Sist oppdatert: