Med klasse C1E kan du blant anna køyre lett lastebil og trekkje ein tilhengjar med ei tillaten totalvekt over 750 kg.

Du må vere minst 18 år og ha førarkort for klasse C1 for å ta førarkort for klasse C1E.

Informasjon om eit køyretøy eller ein tilhengjar, for eksempel tillaten totalvekt, står i vognkortet.

Lett lastebil

Du kan køyre lett lastebil med ei tillaten totalvekt mellom 3 500 kg og 7 500 kg. Bilen kan maks vere godkjend for 8 passasjerar.

Lett lastebil med tilhengjar

  • Du kan trekkje ein tilhengjar når han har ei tillaten totalvekt på maks 750 kg.
  • Du kan trekkje ein tilhengjar med ei tillaten totalvekt over 750 kg dersom den tillatne totalvekta for bilen og tilhengjaren til saman er maks 12 000 kg.

Personbil med tilhengjar

Du kan køyre ein personbil og trekkje ein tilhengjar med ei tillaten totalvekt mellom 750 kg og 3 500 kg. Bilen kan maks vere godkjend for 8 passasjerar. På førarkortet er dette markert som klasse BE.

Traktor

  • Du kan køyre traktor med ei tillaten totalvekt på maks 7 500 kg. Det er inga avgrensing på kor fort han maks kan gå.
  • Du kan trekkje tilhengjar etter traktoren.

Førarrett for traktor gjeld berre i Noreg.

Merk: Dersom du tok førarkort i klasse T eller B før 1. januar 2005, kan du køyre traktor med eller utan tilhengjar. Det er inga avgrensing på vekt eller kor fort han kan gå. På førarkortet er dette markert som kode 142.

Motorreiskap

  • Du kan køyre motorreiskap med ei tillaten totalvekt på maks 7 500 kg, med eller utan tilhengjar. Ein motorreiskap (Lovdata) kan for eksempel vere ein gaffeltruck eller ein hjullastar.
  • Det er inga avgrensing på kor fort han maks kan gå.
  • Førarrett for motorreiskap gjeld berre i Noreg.

Med klasse B tatt før 1. januar 2005 (kode 152)

Du kan køyre motorreiskap med ei tillaten totalvekt over 7 500 kg, eller utan tilhengjar, dersom han maks kan køyre 50 km/t.

Med klasse C tatt før 1. januar 2005 (kode 140)

Du kan køyre alle typar motorreiskap med eller utan tilhengjar.

Vil du ta førarkort for klasse C1E?

Vil du ta førarkort for andre klassar?