Med førarkort klasse DE kan du køyre buss og trekkje ein tilhengjar med ei tillaten totalvekt over 750 kg.

Du må vere minst 24 år og ha førarkort for klasse D for å ta førarkort for klasse DE.

Du kan vere yngre enn 24 år dersom du har starta på eller fullført obligatorisk yrkessjåførutdanning.

Sjå korleis du får førarkort for klasse DE

Har du førarkort for både klasse C og D, og du utvidar til klasse CE, får du automatisk òg førarkort for klasse DE.

Informasjon om eit køyretøy eller ein tilhengjar, for eksempel tillaten totalvekt, står i vognkortet.

Buss

Du kan køyre ein buss som er godkjend for fleire enn 8 passasjerar. Han kan vere over 8 meter lang.

Buss med tilhengjar

Du kan trekkje ein tilhengjar med ei tillaten totalvekt over 750 kg.

Førarkort for klasse DE gjeld òg for minibuss med tilhengjar. På førarkortet er dette markert som klasse D1E.

Personbil med tilhengjar

Du kan køyre ein personbil og trekkje ein tilhengjar med ei tillaten totalvekt mellom 750 kg og 3 500 kg. Bilen kan maks vere godkjend for 8 passasjerar. På førarkortet er dette markert som klasse BE.

Skal du transportere passasjerar mot betaling?

Du må ha yrkessjåførkompetanse (YSK) dersom du skal transportere passasjerar mot betaling med buss.

Vil du ta førarkort for andre klassar?

Sjå korleis du går fram for å utvide førarkortet ditt med andre klassar

Sist oppdatert: