Med førarkort for klasse D1E kan du køyre ein minibuss som er godkjend for maks 16 passasjerar, med tilhengjar.

Du må vere minst 21 år og ha førarkort for klasse D1 for å ta førarkort for klasse D1E.  

Du kan vere yngre enn 21 år dersom du har starta på eller fullført obligatorisk yrkessjåførutdanning.

Har du førarkort for klasse C1 og D1, og du utvidar til klasse C1E, får du automatisk òg førarkort for klasse D1E.

Informasjon om eit kjøretøy eller ein tilhengjar, for eksempel tillaten totalvekt, står i vognkortet.

Minibuss

Du kan køyre ein buss som er godkjend for mellom 9 og 16 passasjerar. Han kan maks vere 8 meter lang.

Minibuss med tilhengjar

Du kan trekkje ein tilhengjar med ei tillaten totalvekt over 750 kg.

Personbil med tilhengjar

Du kan køyre ein personbil og trekkje ein tilhengjar med ei tillaten totalvekt mellom 750 kg og 3 500 kg.

Bilen kan maks vere godkjend for 8 passasjerar. På førarkortet er dette markert som klasse BE.

Skal du transportere personar mot betaling med minibuss?

Du må ha yrkessjåførkompetanse (YSK) dersom du skal transportere personar mot betaling med minibuss.

Vil du ta førarkort for andre klassar?