Med klasse C kan du blant anna køyre ein lastebil same kva den tillatne totalvekta er.

Du må vere minst 21 år og ha førarkort for klasse B for å ta førarkort for klasse C.

Du kan vere yngre enn 21 år dersom du tar obligatorisk yrkessjåførutdanning.

Informasjon om eit køyretøy eller ein tilhengjar, for eksempel tillaten totalvekt, står i vognkortet.

Lastebil

  • Du kan køyre ein lastebil som har ei tillaten totalvekt over 7 500 kg. Han kan maks vere godkjend for 8 passasjerar.
  • Førarkort for klasse C gjeld òg for lett lastebil. På førarkortet er dette markert som klasse C1.

Lastebil med tilhengjar

Du kan trekkje ein tilhengjar når han har ei tillaten totalvekt på maks 750 kg. Dersom du vil trekkje ein tyngre tilhengjar, må du ta klasse CE.

Med klasse C tatt før 1. januar 1997 (kode 132)

  • Du kan trekkje ein tilhengjar med ei tillaten totalvekt på maks 2 000 kg i Noreg.
  • Du kan trekkje ein tilhengjarreiskap med ei tillaten totalvekt på maks 3 500 kg i Noreg.
  • Utanfor Noreg kan du trekkje ein tilhengjar eller ein tilhengjarreiskap med ei tillaten totalvekt på maks 750 kg.

Traktor

  • Du kan køyre traktor med eller utan tilhengjar. Tilhengjaren kan ha ei tillaten totalvekt på maks 750 kg. På førarkortet er dette markert som kode 143.
  • Du kan trekkje ein tyngre tilhengjar dersom traktoren ikkje kan køyre fortare enn 40 km/t.
  • Førarrett for traktor gjeld berre i Noreg.

Med klasse T eller B tatt før 1. januar 2005

Du kan køyre traktor med eller utan tilhengjar. Det er inga avgrensing på vekt eller kor fort han kan gå. På førarkortet er dette markert som kode 142.

Motorreiskap

  • Du kan køyre motorreiskap med eller utan tilhengjar. Ein motorreiskap (Lovdata) kan for eksempel vere ein gaffeltruck eller ein hjullastar.
  • Tilhengjaren kan ha ei tillaten totalvekt på maks 750 kg.
  • Du kan trekkje ein tilhengjar med ei tillaten totalvekt over 750 kg dersom du køyrer ei motorreiskap som ikkje kan køyre fortare enn 40 km/t.
  • Førarrett for motorreiskap gjeld berre i Noreg.

Med klasse C1 eller C tatt før 1. januar 2005 (kode 140)

Du kan køyre motorreiskap utan avgrensing på vekt eller kor fort han kan gå.

Skal du transportere gods mot betaling?

Du må ha yrkessjåførkompetanse (YSK) dersom du skal transportere gods mot betaling med lastebil.

Vil du ta førarkort for klasse C?

Vil du ta førarkort for andre klassar?