Med førarkort for klasse A1 kan du blant anna køyre lett motorsykkel med eller utan sidevogn.

Du må vere minst 16 år for å ta førarkort for klasse A1. 

Informasjon om motorsykkelen, som slagvolum og effekt, står i vognkortet.

Lett motorsykkel 

Du kan køyre ein lett motorsykkel med eller utan sidevogn. Motorsykkelen kan ha eit slagvolum på maks 125 cm3 og ein effekt på maks 11 kW.

Motorsykkel med tre hjul

Du kan køyre ein motorsykkel med tre hjul som har ein effekt på maks 15 kW.

Moped

Du kan køyre moped med to, tre eller fire hjul.

Dersom mopeden har tre eller fire hjul og ei eigenvekt over 150 kg, må du ha fylt 18 år. Dersom mopeden køyrer på el, skal du ikkje rekne vekta av batteria med i eigenvekta.

På førarkortet er dette markert som klasse AM.

Med klasse A1 tatt før 1. juli 2006 kan du køyre snøscooter

Du kan køyre snøscooter med eller utan tilhengjarslede. På førarkortet er dette markert som klasse S.

Førarrett for snøscooter gjeld berre i Noreg og Sverige.

Vil du ta førarkort for lett motorsykkel – A1?

Vil du ta førarkort for andre klassar?

Sjå korleis du går fram for å utvide førarkortet ditt med andre klassar.

Sist oppdatert: