Kva kan du køyre med førarkort klasse S?
Førarkort i klasse S gir deg rett til å køyre snøscooter med eller utan tilhengjarslede. I enkelte tilfelle kan du køyre snøscooter utan å ha klasse S.
Du må vere minst 16 år for å ta førarkort for klasse S.
Sjå korleis du får førarkort for klasse S
Informasjon om snøscooteren, for eksempel om han er i klasse 1 (kode B1) eller 2 (kode B2), står i vognkortet.
Snøscooter
Du kan køyre alle typar snøscooter med eller utan tilhengjarslede.
Dersom du er under 18 år
Er du yngre enn 18 år, kan du berre køyre snøscooter i klasse 1. På ein snøscooter i klasse 1 er forholdet mellom effekt og eigenvekt maks 0,35 kW/kg.
Du kan køyre i Noreg og Sverige
Til skilnad frå andre førarkortklassar gjeld klasse S ikkje internasjonalt. Du har likevel lov til å køyre i både Noreg og Sverige. Snøscooteren må vere registrert i Noreg eller Sverige.
Ver merksam på kvar du køyrer
Av omsyn til miljøet og trafikken er det avgrensa kvar og korleis du kan køyre med snøscooter.
Sjå òg reglane for motorferdsel i utmark hos Miljødirektoratet
Det er normalt forbode å køyre med snøscooter på offentleg veg.
Når kan du køyre snøscooter utan førarkort for klasse S?
Dersom du har førarkort utferda før 1. januar 2006
Du har rett til å køyre snøscooter dersom du tok førarkort for motorsykkel, personbil eller traktor før 1. juli 2006. Dette gjeld sjølv om du ikkje har gjennomført opplæring og prøver i klasse S.
I nokre tilfelle når du har svensk førarbevis for snøscooter
Dersom du budde i Noreg då du tok svensk førarbevis for snøscooter, er førarbeviset ikkje gyldig i Noreg.
Har du svensk førarbevis for snøscooter, kan du køyre i Noreg berre dersom du
- anten var busett i Sverige då du fekk det svenske førarbeviset,
- eller du fekk det under eit dokumentert studieopphald i Sverige som vara i minst seks månader.
Dersom du deltar på arrangerte gruppeturar med løyve
Statens vegvesen kan gi arrangørar løyve til å gjennomføre gruppeturar på snøscooter for deltakarar utan førarrett. Deltakarar frå Noreg må ha førarkort i ein annan klasse. Utanlandske deltakarar må dokumentere rett til å køyre motorvogn i Noreg. Alle må ha tilstrekkeleg ferdigheit.
Arrangøren må sørge for å oppfylle alle vilkåra for ein slik tur (Lovdata)
Under visse tilhøve når du har mellombels opphald
Har du mellombels opphald i Noreg kan du få førarrett for snøscooter.
Dette føreset at du
- har gyldig utanlandsk førarkort.
- har gjennomført obligatorisk opplæring og bestått teoriprøve i Noreg.
- kan dokumentere at du har arbeid i Noreg som inneber at du køyrer snøscooter.
Vil du ta førarkort for andre klassar?
Sjå korleis du går fram for å utvide førarkortet ditt med andre klassar