Med klasse A2 kan du blant anna køyre motorsykkel med eller utan sidevogn.

Du må vere minst 18 år for å ta førarkort for klasse A2.

Informasjon om motorsykkelen, som slagvolum og effekt, står i vognkortet.

Mellomtung motorsykkel

Du kan køyre ein motorsykkel med eller utan sidevogn dersom

motorsykkelen har ein effekt på maks 35 kW

forholdet mellom effekt og eigenvekt er maks 0,2 kW/kg

Er motorsykkelen nedtrimma, kan den opphavlege effekten maks ha vore det dobbelte av noverande effekt.

Motorsykkel med tre hjul

Du kan køyre ein motorsykkel med tre hjul som har ein effekt på maks 15 kW.

Motorsykkel med tilhengjar

Du kan trekkje ein tilhengar etter motorsykkelen dersom

  • motorsykkelen har eit slagvolum over 125 cm3
  •  motorsykkelen er godkjend for å trekkje tilhengjar
  • den tillatne tilhengjarvekta står i vognkortet

Førarrett for motorsykkel med tilhengjar gjeld berre i Noreg.

Lett motorsykkel

Du kan køyre ein lett motorsykkel med eller utan sidevogn dersom

  • motorsykkelen har eit slagvolum på maks 125 cm3
  • motorsykkelen har ein effekt på maks 11 kW

På førarkortet er dette markert som klasse A1.

Moped

Du kan køyre alle typar moped med to, tre eller fire hjul.

På førarkortet er dette markert som klasse AM.

Vil du ta førarkort for klasse A2?

Vil du ta førarkort for andre klassar?

Sist oppdatert: