Følgjeperson under øvingskøyring
Sørg for at køyringa blir trygg ved å setje deg inn i kva som krevst av deg som skal vere med på øvingskøyringa.
Du som er følgjeperson må
- ha fylt 25 år
- ha hatt førarkort i same klasse som du øvingskøyrer i, samanhengjande dei siste 5 åra
Dersom du har førarrett frå eit anna land enn Noreg
Du kan vere følgjeperson dersom førarretten din er frå eit EU/EØS-land, eller frå eit av landa utanfor EU/EØS som gir rett til innbyte til norsk førarkort utan ekstra opplæring eller prøve. Då må du ha med deg dokumentasjon som viser at du har hatt uavbroten førarrett dei siste 5 åra, fram til du oppfyller krava om 5 års norsk førarrett.
Sett deg inn i kravene til øvelseskjøringen
Du må merkje køyretøyet rett, sørgje for at de har utstyret de treng og øvingskøyre på passande stader. Det er du som har ansvaret for at øvingskøyringa er trygg.
Informasjonsmøte for føresette
Statens vegvesen held informasjonsmøte over heile landet, om øvingskøyring. Her lærer du meir om mellom anna ungdom og bilkøyring, reglar for øvingskøyringa og korleis du kan samarbeide godt med trafikkskulen.
Samarbeid med trafikkskulen
Det er lurt å starte med timar hos ein trafikkskule. Dette gir ein trygg start på øvingskøyringa og eit godt grunnlag for den vidare opplæringa.
Bli gjerne med på dei første køyretimane og prat med trafikklæraren. Då kan de saman få rettleiing om korleis de kan leggje opp øvingskøyringa.
Sett av god tid til øvingskøyringa
Vi tilrår at opplæringa går føre seg over minst to år. Forskning viser at dei som øvingskøyrer mykje er mindre utsette for ulykker når dei får førarkort. Unge som skal ta lappen er avhengig av ein voksen som stiller opp for å få nok køyretrening.
Det er særleg mot slutten av køyreopplæringa at det er ekstra viktig med mykje øvingskøyring. Det er mengdetrening som skal til for å bli trygg og sjølvstendig bak rattet.